Kvinner og menn like ambisiøse
Kvinner er like opptatte som menn av å avansere i arbeidslivet, men kvinner har mindre tru på forfremming, viser ei undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Arbeidslivsbarometeret som er gjort for Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS), viser at i underkant av halvparten av dei spurte meiner det er viktig eller svært viktig å ha moglegheiter til å avansere i jobben. Det er litt fleire kvinner som svarer dette, skriv Dagsavisen.
– Det blir ofte framstilt som at kvinner har mindre ambisjonar i arbeidslivet. Men dette tyder på at kvinner har like høge ambisjonar som menn. Det synest vi er bra fordi vi ønskjer å ha eit likestilt arbeidsliv der også kvinner kan gjere karriere, seier YS-leiar Tore Eugen Kvalheim.
LES OGSÅ: Show me the money!
Samtidig viser undersøkinga at berre 12 prosent av kvinnene meiner dei har store moglegheiter til forfremming. For mennene er delen 18 prosent. (©NPK)
Kvifor trur du det er slik at kvinnene ikkje trur dei har like store moglegheiter til forfremming?