Mange studentar i Trondheim har alkoholvanar som får varsellampa til å blinke raudt hjå Verdas Helseorganisasjon.

Hanne Christin Våge, Under Dusken
Hanne Christin Våge, Under Dusken

 

Ifølgje Studentenes Helse- og Trivselundersøking frå 2010 meiner sju av ti Trondheimsstudentar at det er for mykje drikking. I same undersøking kjem det fram at alkoholforbruken er faretruande høg samalikna med Verdas Helseorganisasjons standarar.

For å komme i denne gruppa må ei jente opp i 14 alkoholeinheitar i veka, og ein gut 21. Leiar i Velferdstinget Alexandra Løvland fortel at dei har lagt ein del arbeid ned i alkoholforebyggjande tiltak.

LES OGSÅ: Edru ungdomstid

Skylder på fadderveka
I løpet av faddervekene skjer det mykje på kort tid, og ofte inngår alkohol i mange av desse arrangementa. På grunn av dette har Velferdstinget saman med fadderane hatt ulike alkoholfrie arrangement, noko som har vist igjen på dei følgande faddervekene.

– Me har fokusert ein del arbeid på faddervekene då det er der haldningane oppstår, og fadderane har vorte betydeleg flinkare til å legge opp til alkoholfrie aktivitetar. Men me har framleis ein lang veg å gå, seier Løvland.

LES OGSÅ: Avhaldsrørsla i medvind

Lykkepromillen
Å vite når ein skal stoppe alkoholinntaket kan vere ei utfordring, men det kan la seg gjennomføre ved hjelp av eit enkelt verkemiddel.

– Å følgje den såkalla lykkepromillen kan vere eit fint tiltak med tanke på alkoholinntaket, seier Løvland.

Lykkepromillen er det promillenivået kor det frigis mest lykkestoff i hjernen, og kor du er litt brisen og føler deg bra heile kvelden utan å vere full. Dersom du klarer å ligge på dette nivået unngår du negative konsekvensar som fyllenerver og bakrus. Lykkepromillen er lågare enn folk trur, og ligg mellom 0,5 og 1.

For å halde på lykkepromillen kan man starte med 3 eller 4 øl (avhengig av om du er gut eller jente) på vors, og held deretter fram med annakvart glas med øl og vatn på byen. Hugs at det tek minst 30 minutt før ein veit kor høg promillen eigentleg er.

Les saka i Under Dusken!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

ANNONSE