Nesten alt lukkast for dei raudgrøne

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 13:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Statsbudsjett i Noreg er nokså traudige saker, dei er meir nærskylde enn sysken, det eine er til forveksling lik det andre, og særleg har det vore slik under dei raudgrøne. Kvart år har alle fått kaffi, som det heiter i Finansdepartementet. Før førre valkamp sa Martin Kolberg frå Arbeidarpartiet stolt at dei seinaste fire år har alle sektorar fått vekst, det kan han seia neste år også. Men eitt unnatak, barnetrygda som står på staden kvil, får alle meir og til dels mykje meir. Det har vore åtte feite år.

Lat oss heller konsentrera oss om nasjonalbudsjettet, som i røynda er kapittel 1 i statsbudsjettet. Der fortel byråkratane i Finansdepartementet den store soga, den om tilstanden i norsk og internasjonal økonomi, i fortid, notid og framtid. Notidsbiletet er fantastisk. I 2013 passerer den norske verdiskapinga for fyrste gong 3000 milliardar kroner. Tre billionar delt på fem millionar menneske vert 600.000 for kvar gjennomsnittsnordmann. Tenk på det neste gong du vitjar den gamle mor di på sjukeheimen. Ho representerer ein verdi på 600.000, som elles er om lag det som det kostar å drifta ein sjukeheimsplass.

Størst i verda
Er så offentleg sektor, eller utgiftsdelen av statsbudsjettet, stor i Noreg? Ja og delvis. Om vi ser isolert på Fastlands-Noreg, er vi, alt etter politisk ståstad, best eller verst i den rike delen av verda. Seks av ti kroner av det som vert nytta av pengar på fastlandet, går gjennom offentlege kassar. Det er høgst i OECD. Tek vi derimot med sokkelen, går forbruket ned til om lag fire kroner og 50 øre, som berre er litt over gjennomsnittet for OECD. Men då høyrer det med at AS Noreg sparer 11,4 prosent av den samla verdiskapinga, eller vel 300 milliardar kroner, som gjer oss til OECD-meister i sparing. Neste år vil Oljefondet passera 4,4 billionar, trur Finansdepartementet.

Lyfter vi blikket og ser både på Oljefondet, eller Statens pensjonsfond som det no heiter, og tek med alle AS som staten eig eller er deleigar i, stig summen til 5200 milliardar, som svarar til 174 prosent av den årlege verdiskapinga i norsk økonomi. Dette står i skarp kontrast til OECD elles. Der har gjennomsnittsstaten ei skuld på 100 prosent av den samla økonomien. Om Noreg hadde vore i same situasjonen, hadde vi hatt ein økonomisk balanse som var over 8000 milliardar dårlegare, og måtte ha skore 30 milliardar i offentleg økonomi kvart einaste år berre for å halda gjelda stabil.

LES OGSÅ: 370 milliardar til 1,3 millionar på trygd

Ikkje til å forstå
Det er eitt eller anna med norsk økonomi for tida som knappast er til å forstå. Neste år skal Fastlands-Noreg veksa med om lag 3 prosent, det gjev ein auka skatteinngang på 18 milliardar, trur Finansdepartementet, som og har rekna ut kva ein tilsvarande økonomisk vekst i Sverige ville ha gjeve, og Sverige er meir enn dobbelt så folkerikt som Noreg. Der hadde ein tilsvarande vekst berre gjeve 11 milliardar kroner ekstra i statskassa. I staden for å skjera 30 milliardar kan altså staten kvart år framover bruka 18 milliardar ekstra på toppen av dei 125 milliardane som Oljefondet gjev. Det er nær magisk dette. Noreg er guten med gullbroka.

Nesten, for eitt er notidsbiletet, noko anna er dei underliggjande utviklingslinene. Dei er betre enn alle andre stadar, men alle andre stadar peikar pilene feil veg, og det gjer dei i Noreg òg.

Alt no har den norske folkesetnaden opparbeidt seg framtidige rettar til alderspensjonar svarande til 5800 milliardar kroner, ein sum som berre aukar i takt med at vi gjennom innvandring vert langt fleire her til lands. For tida veks folketalet raskare enn i India. I tillegg kjem dei framtidige rettane til uførepensjon, som Finansdepartementet seier er på 1100 milliardar. Og på toppen kjem ekstrapensjonen til offentleg tilsette som ved utgangen av juni 2012 var på 520 milliardar. Til saman er den summen 70 prosent større enn heile Oljefondet ved utgangen av 2013.

Det grunnleggjande problemet i Noreg er at vi vert stadig eldre samstundes som vi slit med å halda arbeidsdeltakinga oppe. Noreg har dei seinaste åra skapt vel 300.000 nye arbeidsplassar, men desse har i hovudsak gått til utlendingar. Vel 30 prosent av den norske arbeidsstyrken arbeider i offentleg sektor, og desse er i hovudsak kvinner. Det er høgst i OECD. Knapt 70 prosent av arbeidstyrken arbeider altså i privat sektor og er i hovudsak menn. 70 prosent av dei nye arbeidsplassane har gått til innvandrarar, som i hovudsak kjem frå Sentral-Europa. Litt enkelt sagt vert nye norsk arbeidsplassar for nordmenn skapte i offentleg sektor, og nye i privat sektor går til unge, ufaglærde mannlege polakkar.

Ikkje vekst i arbeidsdeltaking
Når så mange unge menn kjem inn i arbeidsstyrken, skulle ein venta at arbeidsdeltakinga gjekk kraftig opp, men det har ikkje skjett. For i takt med at nye unge menn kjem inn, går stadig fleire nordmenn over i alderspensjon og inn i ordningar som i utgangspunktet var meinte for dei som ikkje har arbeidsevne grunna helseplager.

Neste år skal NAV åleine nytta 370 milliardar kroner, i tillegg kjem utgiftene som staten og kommunane har gjennom dei offentlege sjukekassene. I 2013 har staten sett av 38 milliardar til sjukepengar. 171.000 personar skal mottaka 37 milliardar arbeidsavklaringskroner, arbeidsavklaring er venteromet for permanent uføretrygd, og til slutt skal 312.700 personar få uføretrygd. Men det stoggar ikkje der. For på toppen kjem avtalefest pensjon (AFP) eller tidleg pensjon som det no vert kalla, 70.000 kjem neste år til å taka mot den pensjonen. Dimed er 20 prosent av folkesetnaden i arbeidsfør alder finansiert over NAV-budsjettet, ein prosentdel som er stigande, noko som altså er forunderleg sett i ljos av at vi kvart år får ei massiv innflytting av unge innvandrarar i arbeidsfør alder.

I tillegg til dei 550.000 personane i arbeidsfør alder på NAV-pengar, kjem alderspensjonistane, som kvart år framover aukar med over 32.000 personar. Neste år får pensjonistane 162 milliardar kroner frå NAV.

Ugrei framtid
Kva skjer om denne utviklinga held fram? Mykje ugreitt, seier Finansdepartementet. På grunnlag av statsbudsjettet for 2013 har staten ein inndekkjingstrong på 8,5 prosent av BNP for Fastlands-Noreg i framtida. Det tyder at skatte- og avgiftsnivået må opp med rundt 17 prosent eller utgiftene reduserast tilsvarande. Føresetnaden her er at alt anna ligg fast, at nordmenn ikkje tek ut meir fritid, at innvandrarane har den same arbeidsinnsatsen som etniske nordmenn, og at politikarane ikkje vedtek ei einaste ny fordyrande velferdsreform.

Finst det alternativ til dramatiske velferdskutt eller sterk skatteauke? Ja og nei. Det beste hadde sjølvsagt vore om Oljefondet fekk høgre avkastning på investeringane dei gjer ute i verda, for då kjem det meir pengar inn i statskassa. På grunnlag av historiske tal frå førre hundreår reknar staten med at realavkastninga på investeringa skal vera 4 prosent i framtida. Problemet er berre at det talet etter mykje å døma er for høgt. I førre hundreår vart folketalet i verda nær firedobla, og med auken i folketal veks verdsøkonomien og med den avkastninga på investeringar. Absolutt ingen trur at vi dei komande hundreåra vil gå gjennom ein liknande folketalsauke. I tillegg ser produktivitetsauken i den rike verda ut til å ha gått ned. I røynda er sjansen for at vi skal nå målet på 4 prosent avkastning, liten.

Eit anna alternativ er at vi finn meir olje. Det kan henda og har hendt det siste året. Men den norske oljeproduksjonen er i dag 45 prosent lægre enn han var i år 2000, og dei fleste pilene peikar nedover.

GÅ TIL TEMASIDA VÅR FOR STATSBUDSJETTET!

Tilbodssidereform
Eit tredje og meir truleg alternativ er ei såkalla tilbodssidereform, nordmenn kan byrja å arbeida meir. Dette kan skje på fleire måtar. Ved kvart lønsoppgjer freistar til dømes staten og kommunane å få lempa på avtaleverket rundt skiftordningar. Berre 27 prosent av kvinnene i omsorgssektoren arbeider i dag fulltid, slik er det mykje grunna avtaleverket som legg ned forbod mot å arbeida oftare enn kvar tredje helg. I Finland arbeider 90 prosent av kvinnene i omsorgssektoren heiltid. Ei oppmykjing av arbeidsmiljølova og avtaleverket generelt i Noreg vil gje lengre arbeidstid for ei rekkje menneske og dimed frigjera arbeidskraft, seier mange NOU-ar. I tillegg kjem eventuelle reduksjonar og innstramingar i sjukeløn og uføreordningar, som vil få fleire ut i arbeid. Om vi nytta det same på ulike sjuketrygder som Irland og Storbritannia, ville vi vera halvveges i mål.

Eit anna moment som peikar i retning av litt reduserte statlege utgifter, er sentralisering. Det er byområde som no veks mest, dette igjen vil gjera at distrikta får mindre makt i Stortinget, som kan føra til reduserte overføringar. I alle høve vil denne utviklinga gjera at distrikta får ein stadig mindre relativ del av dei offentlege utgiftene.

Men eitt verkar nokolunde sikkert: Staten Noreg vil halda fram med å veksa i dei komande tiåra òg. Over to millionar menneske får i dag inntekta si frå offentlege budsjett. Det vert ikkje færre i framtida.

LES KOMMENTAREN I DAG OG TID!