Litt over 10.000 av årskullet på 60.000 personar stiller til førstegongsteneste, viser tal frå Forsvaret.

NPK-NTB
NPK-NTB

For neste års rekruttkull var det i utgangspunktet 62.000 som fekk brev frå Forsvaret. Talet inkluderer rundt 8.000 kvinner. Etter to sesjonar har talet falle til litt over 23.000 som blir tatt inn til å avtene førstegongsteneste, skriv Nordlys.

Det første store fråfallet skjer når vernepliktige må svare på fleire spørsmål dei får når dei når vernepliktig alder. På bakgrunn av svara gjer Forsvaret den første utveljinga. Dette er eit svar dei fleste gjer via nettet.

LES OGSÅ: Saman på Sætermoen

Ved andre sesjon har Forsvaret erfaring som viser at fråfallet der plar liggje på rundt 30 prosent. At ein ikkje er tenestedyktig av ulike grunnar, og vidare skulegang som gir rett til utsetjing, er ein av grunnane til at fleire fell frå. (©NPK)

Bør ein framleis ha allmenn verneplikt i Noreg?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

ANNONSE