– Eit fredens kontinent

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Unionen og dens forløparar har gjennom meir enn seks tiår bidratt til å fremja fred og forsoning, demokrati og menneskerettar i Europa, sa Thorbjørn Jagland under pressekonferansen klokka 11 fredag.

I mellomkrigstida gav Den Norske Nobelkomite fleire prisar til personar som arbeidde for tysk-fransk forsoning. I åra etter 1945 er forsoninga vorte ein realitet. Andre verdskrigen forferdelege lidingar demonstrerte behovet for eit nytt Europa. Gjennom sytti år hadde Tyskland og Frankrike utkjempa tre krigar. I dag er krig mellom Tyskland og Frankrike utenkeleg. Dette viser at historiske fiendar gjennom målretta arbeid og oppbygging av gjensidig tillit kan bli nære samarbeidspartnarar.

På 1980-talet kom Hellas, Spania og Portugal med i EU. Innføring av demokrati var ein føresetnad for at dei kunne bli medlemmar. Då Berlinmuren og jernteppet fall, blei det mogleg for ei rekkje sentral- og austeuropeiske land å bli medlemmar. Dette innleia dermed ein ny æra i europeisk historie. Skiljet mellom aust og vest er i stor grad brote ned; demokratiet er styrkt; mange etnisk-nasjonale konfliktar er stoppa, sa Jagland.

QUIZ: Kva veit du om fredsprisen?

Når Kroatia kjem med som medlem neste år og ved at det er starta forhandlingar med Montenegro om medlemskapar og at Serbia er gjeve kandidatstatus, blir forsoningsprosessen på Balkan styrkt.

– Det er ikkje lenge sidan ein slakta kvarandre ned her, sa Thorbjørn Jagland.

I det siste tiåret har Tyrkias høve for EU-medlemskap fremja demokrati og menneskerettar òg her.

– EU er inne i ein periode med store økonomiske vanskar og betydeleg sosial uro. Den Norske Nobelkomite ynskjer å fokusere på kva som for komiteen har vore EUs viktigaste resultat: den vellukka kampen for fred og forsoning og for demokrati og menneskerettar. Den stabiliserande rolla EU har spila, har bidrege til å omforme størstedelen av Europa frå eit krigen til eit fredens kontinent.

EUs verksemd representerer «forbrødring for folka» og utgjer ei form for dei «fredskongressane» som Alfred Nobel refererer til som kriterium for fredsprisen i testamentet sitt av 1895.

– Me ønskjer å minna om kva som kan gå tapt om dette fell saman, sa Thorbjørn Jagland.

QUIZ: Kva veit du om EU?