Dei dansar swing til all slags musikk, tevlar i alt frå bløtkakepynting til motorsag, og skipar til stevne og festar. Bygdeungdomslaget trur aktivitet er løysinga for å skape attraktive bygder.

Faktaboks

Norges Bygdeungdomslag
• Organisasjon som jobbar for interessene til bygdene og bygdeungdommane.
• Politisk uavhengig.
• Skipa i 1946 i Stavanger.
• Har vel 5000 medlemmer på landsbasis.
• Medlemmane er frå 16 til 30 år, dei fleste studerer eller jobbar i primærnæringane.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Mange trur vi er eit bondeungdomslag. Men sjølv om vi støttar grøne næringar og meiner det ikkje vert levande bygder utan landbruk, så er vi eit bygdeungdomslag. Medlemmane jobbar og studerer, og vi samlar alle slags folk, forklarar Olav Varhaug, Magnhild Aanestad og Ane Eckhoff Varhaug i Varhaug Bygdeungdomslag på Jæren.

Målet er å skape attraktive bygder, der det viktigaste elementet er aktivitetar for og med ungdom på bygda. Slik har det vore sidan Norges Bygdeungdomslagvart skipa i 1946.

–  Vi ynskjer å skape eit godt tilbod her i bygda. Alle ungdommar skal ha noko å gjera og ein plass å vera, også dei som ikkje har så mange andre tilbod.

LES OGSÅ: Eldsjeler viktigast for vekst

Tevlingar
Bygdeungdomslaget er aktivitetar, mange aktivitetar – i lokallag, fylkeslag og på det store landsstevnet som vert skipa til kvar sumar. Det er sosiale kveldar, quiz og festar, og så er det tevlingar. Blomsterdekorering, motorsag, ballspel, bløtkakepynting og T-R-T (Traktor-Redskap-Trygghet), er berre nokre av tevlingsgreinane. Der bygdeungdommane konkurrerer om heider og ære, pokalar og andre premiar.

– I tevlingane er målet å utvikle seg og å lære, så det er til dømes ikkje lov til å ha fagbrev i det ein konkurrerar i, forklarar Olav Varhaug.

LES OGSÅ: Råd for eit godt liv på bygda

Swing til alt
På alle BU-festane er det swing ein dansar, slik har det vore sidan 60 talet då den tok over for gammaldansen. Dansegolva er store og organisasjonen skipar til kurs om ein ikkje har takta inne.

– Du kan danse swing til alle typar musikk, sjølv om det er likk vanskelegare å finne takta om du dansar til hard metal eller techno, seier ungdommane.

QUIZ: Har du peiling på norsk geografi?

Normale og unormale folk
– Vi samlar så mange forskjellige folk, normale og unormale, med mange interesse. Det er noko av det alle beste med BU. Vi er veldig opne og lærer å leve i lag med med mykje forkskjellige folk. Eg har heller aldri sett korkje narkotika eller slosskampar på nokre av arrangementa, forklarar Ane Eckhoff Varhaug.

– Vi er som ein stor familie, legg dei andre til.

I lokallaget på Varhaug er det 83 medlemmar, som er ein auke på 60 medlemmar dei siste åra. På landsbasis har Norges Bygdeungdomslag meir enn 5000 medlemmer, dei fleste av dei i Hedmark og i Østfold. Men sjølv om du bur i ein by, er det ingen grunn til fortviling – det er nemleg lokallag i både Trondheim og Oslo.

– Vi jobbar alltid med å finne aktivitetar medlemmane likar å vera med på. Når folk har det kjekt på aktivitetane, sprer ordet seg og det kjem stadig nye folk, avsluttar Magnhild Aanestad, Olav Varhaug og Ane Eckhoff Varhaug.

LES OGSÅ: 6000 timar i traktor

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE