Ungdom mellom 9 og 15 år bruker meir tid på skulearbeid enn for tolv år sidan.

NPK-NTB
NPK-NTB

 

Dette kjem fram i Samfunnsspeilet frå Statistisk sentralbyrå.

Undersøkinga viser at 9-12-åringar i 2010 brukte seks timar og tre kvarter på skulearbeid dei dagane dei hadde skule. Dette er 12 minutt meir enn ved tusenårsskiftet.

For dei mellom 13 og 15 år går sju timar og eit kvarter med til skulearbeid i vekedagane. Dette er ein auke på 38 minutt sidan år 2000.

Det er liten forskjell mellom kjønna på kor mykje tid dei bruker på skulearbeidet. Undersøkinga viser samstundes at meir av denne tida går med til undervising, medan færre gjer lekser: 57 prosent av 13-15-åringane i landet gjorde lekser i 2010.

Tidsbrukundersøkinga viser også at born har ein time meir fritid enn befolkninga generelt, men fordi jenter bruker meir tid på husarbeid og personleg hygiene, har dei over ein halvtime mindre fritid enn gutane. Gutane mellom 13 og 15 bruker derimot mykje meir tid på dataspel, og undersøkinga viser at 53 prosent av gutar mellom 13 og 15 år spelar data ein gjennomsnittsdag, og at tre timar og 23 minutt av dagen går med til dette. (©NPK)

LES OGSÅ: Valdelege dataspel går fri

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE