Legar vil gi gratis hjelp på e-post

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ivar Halvorsen, styremedlem i Allmennlegeforeningen, har det siste året gitt gratis legekonsultasjon på e-post til pasientane sine, som del av eit pilotprosjekt i Stavanger. Konsultasjonane har gått føre seg på eit sikra mailsystem, og røynslene er så gode at allmennlegane no vil innføre systemet for alle pasientar i Noreg, melder NRK Rogaland.

– Verda går framover og kommunikasjonsforholda er slik at ganske mange ynskjer å få kontakt med legen gjennom noko anna enn telefon og oppmøte, fastlege Ivar Halvorsen.

På eit årleg møte mellom Allmennlegeforeningen og Helse- og omsorgsdepartementet nyleg vart ordninga lagt fram. Ifølgje Halvorsen meiner departementet at tida ikkje er moden enno.

– Det er litt vanskeleg å forstå, for dette er ein moden teknologi og moglegheitene finst på trygge plattformer. Folk er vane med å kommunisere på denne måten, seier Halvorsen.

Helsepolitisk talsmann i Høgre, Bent Høie, er samd med Halvorsen.

– Dette kjem til å kome. Problemet i dag er at legane vegrar seg mot å gjere dette fordi dei ikkje får betalt for det. Det er eit ynskje om denne ordninga både frå pasientane og legane, seier Høie til NRK. (©NPK)

Les òg: Har gjort sjukehusa meir effektive