I perioden 2001– 2010 omkom over 1.000 bilførarar i trafikkulykker. Blodprøver syner at mange av desse var rusa.

NPK-NTB
NPK-NTB

561 menn og 116 kvinner vart undersøkte, og totalt fann forskarane ved Folkehelseinstituttet alkohol, narkotika og legemiddel høgare enn straffegrensene i 42 prosent av prøvene. 21 prosent hadde over 1,0 promille alkohol i blodet.

I prøver frå førarar som omkom i eineulykker, blei det funne ulovleg høge verdiar i 65 prosent av høva, medan i prøver frå førarar som omkom i kollisjonsulykker blei rusmiddel funne hos berre 26 prosent.

Ulykkesrisikoen er svært høg dersom sjåføren kombinerer alkohol med sovemiddel eller roande middel. Utrekningar viser at risikoen auka over 200 gonger i forhold til risikoen for førarar som ikkje hadde noko av dette i blodet. (©NPK)

Les òg: Ein av fem gjer som Andreas

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

ANNONSE