– Ingen fare for Erasmus-studentar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

EU er tom for studiepengar

Fleire norske medium melder i dag at Erasmus-programmet er tomt for pengar, og at norske studentar i utlandet kan mista stipendet.

For Senter for internasjonalisering av utdanninga (SIU), som administrerer Erasmus-programmet i Noreg, er dette heilt ny informasjon. Ifølgje avdelingsdirektør for høgare utdanning ved SIU, Vidar Pedersen, er det ingen fare for at norske Erasmus-studentar mistar stipend dette studieåret.

LES OGSÅ: Valde vekk norsk utdanning

– SIU har inngått kontrakt med Europakommisjonen om rundt 6,5 millionar euro i Erasmus-midlar for studieåret 2012-13, og 70 prosent av desse mottok SIU frå kommisjonen allereie i mai i år. Avtalane SIU har med norske institusjonar om utbetaling av Erasmus-midlar vil bli overhalden, og studentane vil få stipenda sine, seier Pedersen.

– Me undersøker no saka vidare for å klarleggja bakgrunnen for oppslaget, legg han til.

LES OGSÅ: Uroa over dyre utanlandsgrader