Det lokale sjølvstyret

Tor Valdvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg vil gjerne ha større valfridom både på helse-, skule- og barnehagesektoren og meir offensiv satsing på veg og jernbane. Frå ein lokalpolitikars synspunkt, er det likevel noko som overskyggar det meste – eg vil ha makta attende til kommunane.

I eit dokument frå 1997 på regjeringa sine eigne heimesider står det fylgjande: (..)Et aktivt og legitimt kommunalt selvstyre forutsetter at lokale folkevalgte organer har reell innflytelse over forhold som angår innbyggerne.(..)» Noko har gått tapt på vegen.

Det lokale sjølvstyret står sentralt i den konservative ideologien. Høgre ynskjer å flytte mest mogleg makt til kommunane, slik at vi lokalpolitikarar, som skal sjå veljarane våre i augene på butikken, får ta avgjerdene som gjeld innbyggjarane i lokalsamfunnet.

Tradisjonelt er det to parti som har kjempa for det lokale sjølvstyret og fått truverd på området; Senterpartiet og Høgre. Det er ein gong slik at truverd over tid ikkje vert bygd gjennom festtalar og retoriske poeng i TV-debattar. Truverd byggjer ein sjølvsagt gjennom handling over tid. Her meiner eg regjeringa Stoltenberg II og kanskje særleg Sp har eit massivt forklaringsproblem.

Lokalpolitikarar landet over er valde for å forvalte interessene til innbyggjarane sine på ein best mogleg måte. Skal dei greie dette, lyt dei få tillit og handlingsrom frå statleg hald til å utvikle lokalsamfunnet sitt i den leia dei ynskjer til det beste for innbyggjarane. Då skal sentrale myndigheiter vera medspelarar og tilretteleggjarar, ikkje eit detaljstyringsorgan som tek strupetak på lokale krefter.

Gjennom ei massiv, byråkratisk forvaltning på fylkesnivå og ei statleg detaljstyring av kommunar held kjerna i lokaldemokratiet no på og forsvinn mellom fingrane våre. Difor lyt makta i større grad flyttast attende til kommunane, slik at dei folkevalde der kan forme framtida til lokalsamfunnet. Det er der framtida skal formast – ikkje av raud-grøne hippiar på Youngstorget.