6000 timar i traktor

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skaffa meg ikkje billappen før no då eg fylde 20, for traktoren har jo alltid take meg dit eg skal, forklarar Mads Ove Borsheim frå Varhaug på Jæren. Traktoren hans har 155 hestekreftar og namnet hans på døra. Med eigen maskinstasjon har han oppdrag for mange jærbønder og traktorkøyringa har vorte eit levebrød.

Denne septemberettermiddagen skulle vi korkje slå eller presse rundballar. Vi skulle berre køyre på vegen, forbi irrgrøne jærenger, ein regnboge og karakteristiske steingjerder. For traktoren gjev god utsikt – ein sit høgt og får med seg det meste. Og for fyrste gong på meir enn ti år for underteikna, svinga vi ut på vegen. Men sjølvsagt ikkje på nokon motorveg, for det er ikkje lov.

LES OGSÅ: 19 år og gardkjøpar

Øving
Traktorar er noko dei fleste av oss har eit forhold til – leiketraktorar, Gråtass og Moods of Norway. Kanskje har du dansa meir eller mindre haltande til Too far gone med Zetor`n – For hainn har kjøpt sæ ny traktor. Rau å blank Zetor med læss-apparat. Eller kanskje har du ein draum om å styre ein slik doning.

–  Å køyre traktor er ganske enkelt, særleg fordi det som regel er automatgir. Men sjølvsagt vert det vanskelegare når det heng 20 tonn bak traktoren, forklarar Mads Ove. Han peikar på at det å ta seg nok tid til å øve, er det avgjerande for å meistre kunsten. Sjølv starta han på jordene i lag med bestefar sin, så kom vegen. Frå han var 13 var det øvingskøyring for fullt.

– På det meste har eg køyrt traktor i 30 timar utan kvile. Men då sovna eg mest bak rattet.

På dei fire og eit halvt år han har hatt sertifikatet, har det vorte 6000 timar i traktor. Mads Ove har køyrt nesten heilt til Kristiansand og han har pressa opp mot 450 rundballar på ein dag.

LES OGSÅ: – Traktorkøyringa er ein del av meg

Sosialt
– Det beste med traktorkøyringa er det sosiale. Ein treff stadig folk langs vegen og vi køyrer mykje i lag. Sjølv om det sjølvsagt er litt upraktisk å slå av ein prat gjennom ruta om ein treff nokon i bil, forklarar Mads Ove. Han legg til at i den førre traktoren hans var dei så mange som ti stykke om bord på ein gong, noko som var både trivelig og intimt.

Den førre traktoren var av merket John Deere og den tok Mads Ove i bruk som 16-åring. Med det fekk eg avliva ei av mytane eg har hatt om traktorlivet, nemleg evig lojalitet mot eit traktormerke, anten fordi det matchar fjøset (som hjå naboen) eller fordi dei meiner det er best (som hjå traktorinteresserte slektningar). Mads Ove kjøpte traktoren der servicen var best, og denne gongen var det Eik Senteret og slik ein Massey Ferguson.

17. mai tog
– Noko lyd må ein ha, ein kan jo ikkje berre sitje der, seier Mads Ove. For det er ingen ekte rånerunde utan musikk og denne gongen var det STAUT vi høyrde på gjennom svingane. Saman med Vassendgutane er dei av Mads Oves traktorfavorittar. Med inngang for iPod, CD-spelar og radio, går det mest i country og danseband.

Like obligatorisk som musikk, er det med eit stopp i sentrum. Der møtte vi ein kompis og det vart tid til ein traktorprat. Underteikna fekk spørsmål om kva traktormodell som finst på heimgarden, men då eg aldri har vore i nærkontakt med den, hadde eg ingen aning. Dei traktorkyndige hadde derimot ein ide om kva Massey Ferguson det kunne vera. Andre traktorrånarar møtte vi ikkje på denne turen, sjølv om dei finst.

– Det er nok ti-tolv traktorrånarar her i bygda og så er det ein del i grannebygdene, forklarar Mads Ove. Han legg til at nabobygda Klepp kvart år samlar 50-60 traktorar i eit eige 17.mai-tog.

LES OGSÅ: Cocktail- og traktoravhengig

Dyrare dekk
Traktorkøyrane trivst aller best når traktoren er rein innvendig og Wunderbaum er viktig for å unngå fjøslukta.

– Komfort er avgjerande og det er stor forskjell mellom ulike traktorar, forklarar Mads Ove. Sjølv har han mellom anna innebygd kjøleskåp ombord.

For dei som vil oppleve jorder og resten av verda i 50 kilometer i timen, er kanskje traktorråning sjølve løysinga. For Mads Ove ventar i alle fall mange timar i hytta. Og sjølv om han nett har fått billappen, trivst han framleis godt og ser ikkje mange ulempe med traktorlivet.

– Det er dyrare å skifte dekk når dei er nedslite og så går det jo saktare. Men det einaste som er verkeleg betre med å køyre bil, er at det er lov til å ha med meir enn ein passasjer på lovleg vis, avsluttar Mads Ove. Før han slepp meg av og førebur seg på siste innspurt i tredje- og fjerdeslåtten.

Faktaboks

TRAKTOR

• Dei fyrste motordrivne traktorane vart utvikla i USA på 1890-talet.
• I Noreg kom gjennombrotet for traktoren på 1950-talet.
• I dag er det om lag 245.000 registerte traktorar i Noreg, der om lag 100.000 til 120.000 av dei er i bruk i landbruket.
• Ein må vera 16 år for å ta sertifikat for traktor.