Skilsmisse verre for bønder
Eit samlivsbrot kan vere ekstra tøft for folk som bur på gard.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er vanskelegare å skilje seg når ein bur på gard, enn når ein bur i bustadfelt. Atskilleg verre. Både kjenslemessig, økonomisk og juridisk, seier antropolog Gro Follo til Forskning.no. Saman med Marit S. Haugen har ho forska på ekteskap, sambuarskap og skilsmisser i landbruket.
Undersøkinga deira viser at det er ein større del bønder som er gift og færre skilte samanlikna med befolkninga elles. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser likevel at talet på skilsmisser i landbruket aukar, og at sambuarskap blir stadig meir vanleg også blant bønder.
– I brotsituasjonar i landbruket er det mange omsyn å ta. Familiegarden som har vore ei ramme om livet til paret og ungane, skal drivast vidare. Då er det ikkje berre å selje huset og dele oppgjeret, seier Follo.
Forskarane fann ut at tilflytta kvinner kunne kome svært dårleg ut av samlivsbrota.
– Desse kvinnene mistar livsprosjektet sitt, der dei kan ha investert mykje av både tid, arbeid, pengar og kjærleik. Det er nettopp dette som gjer brota så kompliserte, seier antropolog Gro Follo. (©NPK)