– NRK lagar smale program som fire personar ser på, seier Frp-nestleiar Per Sandberg. No vil partiet selje ein del av NRK til private og notere selskapet på børs.

NPK-NTB
NPK-NTB

I det nye partiprogrammet for 2013– 2017, som Framstegspartiet skal leggje fram 9. oktober, foreslår partiet å gjere om NRK til eit aksjeselskap der staten har aksjemajoriteten. Resten av aksjane vil Frp selje til private.

– Vi vil gjere NRK til eit aksjeselskap der private skal kunne kjøpe seg inn, seier Frp-nestleiar Per Sandberg til Dagsavisen.

– Det får ikkje andre konsekvensar enn at den irriterande lisensen forsvinn, seier Sandberg, som har leidd programarbeidet i Frp.

– Vi må òg kunne diskutere om NRK har gått for langt i rolla si som allmennkringkastar når dei lagar smale program som fire personar ser på, seier Sandberg.

Partiet varslar òg at dei vil droppe detaljstyringa av NRK, mellom anna krava til nynorskbruk og program på samisk.

For at kanalen ikkje skal stele heile reklamemarknaden frå TV 2, opnar Frp for at NRK kan få ei blanda finansiering: ein del finansiert med reklame, resten over statsbudsjettet.

NRK vart etablert i 1933 og har om lag 3.500 tilsette. Med fire riksdekkjande tv-kanalar, tre riksdekkjande radiokanalar og ei godt besøkt nettside er NRK den klart største mediebedrifta i landet. (©NPK) 

Kva meiner du om forslaga til Frp?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

ANNONSE