Elsertifikat er ein naturskandale

Dei grøne sertifikata har fått nytt namn: no heiter dei elsertifikat. Dei er nemlig ikkje så grøne lenger.

Synnøve Kvamme
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skandale av regjeringa

 

Alle politiske parti gjekk heilhjarta inn for sertifikatordninga som Zero og Bellona har stått på barrikadene for – men veit dei eigentleg kva dei har gitt seg ut på? Det så å seia einaste kravet som må innfriast for å bygga ut fornybar energi, er at det må vera lønsamt. Når me som straumkundar no skal til å subsidiera all fornybar utbygging i Noreg, blir resultatet at absolutt alle små og store utbyggingar vil verta lønsame.

Noreg er allereie på verdstoppen i straumforbruk og bruker tre gonger meir straum enn Danmark, og like mykje som heile Afrika sitt totale straumforbruk. Og no vil altså politikarar og dei som kallar seg miljøforkjemparar legga til rette for at me kan auka forbruket vårt i det uendelege. For det er nemlig det som kjem til å skje.

Så lenge kvotesystemet i Europa er konstant, noko det vil fortsetta å vera fram til minst 2020, hjelper det ikkje klimaet på ein plass at me bygger ut det siste me har av urørt natur i Noreg. Det fører uansett ikkje til reduksjon av CO2-utslepp, og kva er då vitsen?

Allereie i dag produserer me mykje meir rein energi enn me bruker, og sertifikatordninga vil medføra at det blir så stor tilgang på straum i Noreg at prisen vil bli pressa ned, og sløseriet vil nå nye høgder. Forstår ikkje Zero og Bellona at dette vil slå beina under energisparing? Med så billig straum som elsertifikata vil medføra, vil det ikkje lenger lønna seg å til dømes isolera huset.

Kvifor går ikkje Bellona, Zero og Natur og Ungdom inn for energisparing i staden for utbygging? I dokumentaren «Et slag i luften» slo Brennpunkt på tysdag fast at me kan spara like mykje energi som me kan produsera berre me går inn for det. Kvifor har ikkje miljøorganisasjonane dette som første prioritering før dei i det heile tatt vurderer naturøydeleggande utbygging?

Sidan kvotesystemet er konstant kunne det kanskje ha vore ein idé for Noreg å kjøpa og sletta kvotar. Det vil i alle fall vera den sikre veg til redusert CO2-utslepp; og når det gjeld miljø, er det tvingande nødvendig å gå vegar som gir resultat. Det gir grunn til bekymring at miljøorganisasjonane i staden prioriterer symbolpolitikk som elektrifisering og no grøne sertifikat – tiltak som så til dei grader går på bekostning av urørt natur, utan at det ein gong vil gagna klimaet.

At elsertifikat har vore ei kampsak for politikarar og miljøorganisasjonar gjer det kanskje vanskeleg å innrømma at dei har teke seg vatn over hovudet. Ifølgje Bellona er det berre å "get over it": sidan elsertifikata allereie er vedteke, er det berre å diskutera kva me skal bruka det enorme overskotet til. Heldigvis er det ikkje slik at vedtak er hogd i stein. Vedtak kan omgjerast, og så lenge utbygging av rein energi ikkje automatisk fører til reduksjon i fossil energiproduksjon, er ikkje grøne sertifikat anna enn ein einaste stor naturskandale.