Der dyktigheit er meir enn eit tal

Anita Svendheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På mange måtar føler eg at søknadsprosessen for høgare utdanning i Noreg har gjort søkarane om til tal på eit papir. Gjennom Samordna opptak blir studentar gjort om til ein profil av gjennomsnittslege karakterar gitt på grunnlag av ein lærar si vurdering, alderspoeng og fagval. Ein profil som seier lite om ein elev sin motivasjon, stå-på-vilje og ambisjonar.

Tidlegare har dette ikkje vore noko eg har tenkt mykje over. Eg tok realfag på den vidaregåande skulen og var glad til når eg fekk ekstrapoeng for fag eg i botn og grunn korkje hadde interesse for eller planar om å fortsette å studere, og eg takka gladleg ja når eg hadde moglegheita til å få alderspoeng – kven seier vel nei til noko slikt? Men kva seier vel ein persons alder om eins innsats for læring? Kva seier eins val av studieretning om eins ambisjonar?

I England er sjølve søkeprosessen mykje meir komplisert. Gjennom UCAS (den engelske versjonen av Samordna opptak) er karakterane og fagvala berre ein liten del av studentprofilen. Her blir ein også vurdert utifrå eit motivasjonsbrev og ei anbefaling frå læraren.

I motivasjonsbrevet får søkjaren moglegheita til å uttrykke med eigne ord kva eins motivasjon og forventningar for studiet er. Ein skriv kva erfaringar ein har frå tidlegare, og kvar ein ser seg sjølve etter utdanninga. Med andre ord kan ein utdjupe dei sidene ved seg som karakterane ikkje fortel mykje om.

Anbefalinga ein skal legge inn i profilen kan ein få frå ein lærar av sitt eige val. Difor har ein moglegheita til å spørje den læraren som ein føler kan gå god for ein og som kjenner ein godt som student, men også person. På denne måten får også læraren moglegheita til å vise fram sider ved eleven langt utover talet ein har marka eleven med.

Det er eit velkjend faktum at utdanningssystemet i England er eit av dei betre i verda, og dette er tydeleg allereie i søknadsprosessen. Ein søknadsprosess eg håper også Noreg kan opne augo for. Meiner verkeleg me nordmenn at ein person sine evner skal bli dømd utifrå eit tal? Døydde ikkje slike holdningar ut saman med latinlæra og pugging av bibelvers? Korleis skal ein oppretthalda eit framtidsretta utdanningssystem når ein ikkje innfører nye måtar å sjå søkjarane sine på?

LES MEIR OM STUDIER OG JOBB I UTLANDET!