Tintin får likevel bli på barnebibliotek

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tintin blir ikkje sensurert likevel

Leiaren for barne- og ungdomskultur i Kulturhuset, Behrang Miri, seier ifølgje Sveriges Radio at han har vorte misforstått. Han og sjefen hans ville berre starte ein debatt om bøkene, hevdar Miri ifølgje nettsidene til den svenske rikskringkastinga tysdag.

LES SAKA: Tintin blir fjerna frå bibliotek

Akseptert?
Tidlegare vart det meldt at Miri ville ha bøkene bort, fordi dei speglar ei tid då utbytting av koloniar var akseptert. Det heldt ikkje at nye utgåver av bøkene er forsynte med forord som forklarar at dei er forfatta i ein annan tidsalder.

Kulturhuset er ein institusjon som ligg sentralt plassert i Stockholm og har mange brukarar.

LES OGSÅ: Nynorsk-zombiar inntek festival

«Fiendtleg»
Behrang Miri, som leier arbeidet med å utvikle verksemda for barn og ungdom, forklarte for Stockholm-avisa Dagens Nyheter kvifor han ville bli kvitt Tintin.

– Bøkene gjev eit fiendtleg bilete av for eksempel afrikanarar, som blir framstilte som litt dumme. Arabarar sit på flygande teppe og tyrkarar røykjer vasspipe, sa Miri, som stempla slike framstillingar som «eksotiserande». Seinare tysdag fekk hans eiga pipe altså ein annan låt.

Det er ikkje første gong det stormar rundt Tintin. Det belgiske forlaget som gav ut albumet «Tintin i Kongo», vart i 2010 trekt for retten for å ha teikna eit krenkjande bilete av Afrika, men vart frifunne fordi albumet kom ut i 1931 og saka dermed var forelda. (©NPK)

LES OGSÅ: Teiknar kvardagen i det ekstreme