Tintin blir fjerna frå bibliotek i Stockholm

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjernar Tintin frå bibliotek

Bøkene må bort fordi dei speglar ei tid då det var akseptert at europeiske land utnytta koloniar, seier ein talsmann.

Det held ikkje at nye utgåver av bøkene er forsynte med forord som forklarar at dei er skrivne i ein annan tidsalder, seier ein talsmann for biblioteket. No skal andre bøker i samlinga granskast for å finne ut om dei også har uønskt innhald.

Kulturhuset er ein institusjon som ligg sentralt plassert i Stockholm og har mange brukarar. Behrang Miri, som leier arbeidet med å utvikle verksemda for barn og ungdom, forklarar for Stockholm-avisa Dagens Nyheter kvifor Tintin må bort.

– Bøkene gir eit fiendtleg bilete av for eksempel afrikanarar, som blir framstilt som litt dumme. Arabarar sit på flygande teppe og tyrkarar røykjer vasspipe, seier Miri, som stemplar slike framstillingar som «eksotiserande».

Han har i samråd med personalet på biblioteket bestemt seg for å reinske opp i samlingane, ikkje berre av bøker for barn og ungdom, men også av litteratur for vaksne. Miri vil no leite etter vaksenbøker med rasistisk eller homofobisk innhald, og kvitte seg med dei. (©NPK)

Kva synst du om tiltaket?