Vil opna KrF for ikkje-kristne

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I helga hadde ungdomspartiet til Kristeleg Folkeparti – KrFU – landsmøte. Eit fleirtal på to tredjedelar røysta for å endra den såkalla vedkjenningsparagrafen slik at vedkjenning til kristen tru ikkje lenger skal vere eit krav for å bli tillitsvald i ungdomspartiet.

– Dette er første steget på veg mot endring av vedkjenningsparagrafen. For å endra paragrafen er det krav om eit fleirtal på to tredjedel to landsmøte på rad. Den endelege voteringa er difor først om eitt år. Eg er glad for at KrFU-landsmøtet startar på ei endring, seier leiar for KrFU, Elisabeth Løland.

LES OGSÅ: Der gult er kult

Vedkjenningsparagrafen har til no forplikta alle tillitsvalde å vera vedkjennande kristne. Endringa som er foreslått vil i staden forplikta dei tillitsvalde til å jobba for det kristne verdigrunnlaget slik det kjem til uttrykk i Bibelen.

– Den nye formuleringa tydeleggjer forpliktingane til organisasjonen sine tillitsvalde. Det handlar ikkje lenger om ein er kristen eller ikkje. Dei nye paragrafane forpliktar dei tillitsvalde til å jobbe for dei kristne verdiane, held Løland fram.

– Dette er eit tydeleg signal frå KrFU om at KrF bør gå same veg på landsmøtet sitt, avsluttar Løland.

Attvald
Elisabeth Løland blei samrøystes attvald til leiar for Kristleg Folkepartis Ungdom på landsmøtet. Løland har leia organisasjonen i to år. Ho har tidlegare vore leiar av Østfold KrFU og representert KrFU på fylkestinget i same fylke.

–  Eg er veldig takknemleg for tillitserklæringa frå organisasjonen og er stolt av å halda fram med å leia Noregs viktigaste ungdomsparti, seier Løland.

QUIZ: Kva veit du om Kristeleg Folkeparti?

– KrFU skal alltid jobbe for eit samfunn med plass til alle. Eg ser fram til å enno kjempe knallhardt for KrFUs politikk , seier Løland.

Emil Andrè Erstad er vald til ny 1. nestleiar med ansvar for det politiske arbeidet. Karoline Grosås Nordbø er attvald til 2. nestleiar, med ansvar for det organisatoriske arbeidet. Og Eilev Hegstad er attvald til 3. nestleiar med ansvar for det internasjonale arbeidet.

Resten av sentralstyret er: Ida Lindtveit, Reid Ivar B. Dahl, Eldar Nikolai Almli, Tore Storehaug og Sigmund Vefring.

LES OGSÅ: Bowling alone