Bowling alone

Tore Storehaug
Publisert
Oppdatert 30.05.2020 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stoltenberg skal ha skryt for mykje, men måten han har skapt ein illusjon om at fellesskap er ei sosialdemokratisk oppfinning er grunn nok til å gje han avløysing. Sanninga er nemleg den totalt motsette; fellesskapet har alltid vore der, og politikarar på begge sider har skalaen har brukt staten til å bryte det ned. Derfor treng vi eit nytt alternativ – eit alternativ som legg til rette for mangfald, fellesskap, familie, venskap og frivilligheit. Vi må avsløre skrøna bak statsindividualismen.

Ei undersøking frå Statistisk Sentralbyrå har vist at så mange som kvar femte nordmann er einsam, forskingsinstituttet NOVA har vist at dette talet er 1 av 3 blant eldre og kvar fjerde mann som ringer Kirkens SOS vil prate om einsemd.  Eg meiner oppriktig dette er eit problem. Statsvitaren Robert D. Putnam skreiv boka «Bowling alone» om einsemd. Der seier han at for ein einsam person som røyker er det vanskeleg å avgjere kva som vil forlenge levealderen mest; å stumpe røyken eller bli med i ei foreining og skape relasjonar. Men grunnen til at dette er eit problem handlar også om at mennesket er ein sosial skapning – eit menneske utan relasjonar manglar noko viktig med det å vere menneske.

Vi treng å blåse liv i fellesskapa. Familiar, vennegjengar og frivilligheit må få rom til å fylle oppgåvene sine. Både stat og marknad må vike veg – for ingen av dei gir oss det fellesskapet kan gi. Politikarar frå både høgre og venstre sel oss visjonen om eit samfunn utan institusjonar mellom medborgarar og stat. Eit samfunn der vi som menneske blir redusert gjennom nyttemaksimering og staten blir eit substitutt for menneskelege relasjonar. Dette er statsindividualismen, og vi må avkle den før den avkler oss.

Eit døme på dette er den stadige utvidinga av skuledagen. Einar Førde skreiv ein gang at «ei god mor er vel og bra, men eg trur meir på ein god lærar». Ikkje berre viser forsking og venstresida sin eigen retorikk om «elevar frå resurssterke heimar» at han tar feil, men denne argumentasjonen viser korleis stadig meir av naturlege fellesskap blir pressa bort for «dei som veit best».

Nordmenn har mykje å vere stolte av når det kjem til fellesskap. Vi sjølve kåra ordet «dugnad» til nasjonalord, 80 prosent av familiar i Noreg et middag saman og årleg slår VG opp på framsida at «nordmenn er verdens mest naive folk». Vi har ein kultur basert på gjensidig tillit, og dette må vi ikkje la verken stat, marknad eller politikarar ta frå oss. Den kristendemokratiske partileiaren i Sverige, Göran Hägglund sa det godt då han sa: solidaritet utan socialism, jämlikhet utan likriktning och frihet utan egoism.