Veljarane vil ha eittpartiregjeringar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valforskar: – Oppsiktsvekkande

Dei fleste veljarane ønskjer seg ei eittpartiregjering med anten Ap eller Høgre. 15,9 prosent seier at Arbeidarpartiet bør styre aleine, om dei fritt fekk velje regjeringsalternativ. Berre 5,2 ville då velje det raudgrøne alternativet med Ap, SV og Sp. Til samanlikning seier 15,2 prosent at Høgre bør styre aleine. 8,6 føretrekkjer partiet i allianse med Frp. Det viser ei meiningsmåling Sentio har gjort for Nationen.

Av dei tusen spurte i målinga er det ikkje ein einaste som ønskjer seg Høgre-leiar Erna Solbergs draumekonstellasjon av Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre.

QUIZ: Kva veit du om partia våre?

Valforskar Frank Aarebrot synest det er oppsiktsvekkjande.

– Det er veldig morosamt, ærleg tala. Kanskje spora frå Bondevik-regjeringa skremmer. Når alle parti skal inn i regjering, veit ikkje veljarane kva politikk dei skal føre. Ein del stemmer Frp på grunn av alkoholpolitikken, så viser det seg at KrF får gjennomslag, og alkoholpolitikken blir stramma inn, seier Aarebrot.

Dagleg leiar Roar Håskjold i Sentio Research AS seier målinga skil seg frå mange andre fordi veljarane fritt får velje statsministerkandidat og regjeringsalternativ når dei svarer.

– Det er interessant å sjå kva folk svarar uavhengig av bindingar som er etablert. Ingen vil foreslå at Ap og Høgre skal samarbeide, men mange veljarar ønskjer det, seier han.
3,6 prosent av dei spurte svarer i denne undersøkinga at dei ønskjer eit samarbeid mellom dei to hovudmotstandarane i valet. (©NPK)

Kva regjering vil du helst ha? Diskutér i kommentarfeltet!