Blør for andre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Det manglar enno 1000 blodgjevarar i Trondheim, og i ein by med nestan 20 prosent studentar er det viktig at òg dei unge er villige til å gje blod.

– Vi treng fleire blodgjevarar, vi har om lag 7000 gjevarar, men kvart år mistar vi om lag 1000 av dei på grunn av flytting, sjukdom og aldersgrenser, seier seksjonsleiar Kjell Rune Logan-Halvorsrud i blodbanken på St. Olavs hospital.

Han oppfordrar studentar til å ta kontakt dersom dei kan tenkja seg å gje blod.

LES OGSÅ: På blodbotn i Europa

Ingen unnskyldningar
Kor mange studentar i Trondheim som gjev blod er usikkert, men i venterommet møter vi førstegongsgjevar Cecilie Hamre. Ho tek ein mastergrad i fedme og helse på NTNU. Sjølv om blodprøver er noko av det vondaste ho veit, lèt ho seg frivillig tappe for nesten ein halv liter blod.

– Eg er sjukepleiar, så eg veit kor viktig det er å gje blod. Det går veldig fort, så det er ingen unnskyldningar for ikkje å gjere det, seier Hamre.

Påverkar ikkje promillen
Seksjonsleiar Logan-Halvorsrud veit heller ikkje om nokre unnskyldningar for ikkje å bli blodgjevar. Det er stort sett uproblematisk for sjølv den mest aktive studenten å gje ein halvliter blod.

– Vi har fått blod frå toppidrettsutøvarar på NTNUs roarlag. Ein utalte at han merkte ein dropp i forma første døgnet, men at det var alt, seier Logan-Halvorsrud.

Det er heller ikkje slik at det å gje blod er problematisk for festande studentar. Vesketapet i blodårene blir erstatta med ein gong, slik at du ikkje får høgare promille av å drikke etter å ha gjeve blod.

LES OGSÅ: Hellas-reisande får ikkje gje blod

Mange får ikkje gje
Sjølv om Logan-Halvordsrud oppfordrar studentar til å bli blodgjevarar, understrekar han at det ikkje er ein menneskerett å gje blod.

– Pasienttryggleik er alltid i høgsetet. Det skal vere trygt å gje og få blod, difor er det mange grupper som ikkje får lov til å bli gjevarar, seier Logan-Halvorsrud.

Menn som har sex med menn, folk som nyleg har bytta sexpartnar eller personar som går på ulike medikament, er nokre av dei som ikkje får gje blod.

Les saka i Under Dusken!