Det er imponerande at statsrådane klarer desse omstillingane. Og litt skremmande.

mm

 

Det er sjølvsagt noko rørande sosialdemokratisk over at statsministeren ser ut til å ha bestemt seg for at alle skal få prøve alle statsrådspostane før regjeringa må gi seg.

Bortsett frå det, er det vanskelig å vite kva ein skal meine om rokeringane i regjeringa.

Det er derfor vi har Internett.

Etter at eg høyrde på radioen tidlig fredag morgon at masse statsrådar skulle bytte jobbar, gjekk eg rett av stad og sjekka alle nettaviser og sosiale medier for å finne ut kva eg skulle meine om saka. Det eg skulle meine var tydeligvis dette: Etter å ha vore utanriksminister i sju år, er Jonas Gahr Støre no endelig moden for større og vanskeligare oppgåver.

Då eg skumma Internett på jakt etter regjerings-vitsar eg kunne omformulere og publisere som mine eigne, kom eg over noko på Twitter. Tidlig fredag morgon var det ein som skreiv at om nokre timar skulle han på eit foredrag med utanriksministeren. Han lurte naturligvis på: Kven kjem til å komme?

Og då forstod eg at eg eigentlig blir imponert av desse statsrådsbytta. Eller skremt, eg er ikkje heilt sikker.

For du har ikkje mykje tid til å områ deg når du byttar statsrådsjobb. Foredrag er planlagde, statsråden er venta, møter er avtalte. Du har ikkje tid til å bli kjent med dei andre i departementet, feire, sette deg inn i alt det nye, bruke nokre dagar til å finne nye møblar til kontoret. Nei. Du må vere klar, med ein einaste gong.

Akkurat i tilfellet Espen Barth Eide er kanskje ikkje det eit stort problem. Eg har inntrykk av at han har vore klar for å bli utanriksminister sidan han var fire.

Men kva med dei andre? Det kan ikkje vere berre lett å omstille seg frå utanriksminister til helseminister, for eksempel. No kan ein sjølvsagt seie at dersom du som utanriksminister har klart å sette deg inn i alt som skjer i heile verden, så må det vere ei overkommelig oppgåve å sette seg inn i kva som skjer i helse-Norge. Men alle som har diskutert helsepolitikk ein gong eller to veit at det ikkje er sant. Det er med helse-diskusjonar som det er med diskusjonar om karikaturteikningar. Det er mykje vi ikkje forstår. Mykje aggresjon. Det er komplisert. Mange hensyn å ta. Og bråk blir det.

Det er imponerande at statsrådane klarer desse omstillingane. Og litt skremmande.

Plutselig er du sjef for eit heilt nytt felt. I eit nytt departement. Det ville ikkje vore rart om du av og til gjekk på ein liten smell. I alle fall viss du skiftar statsrådsjobb ofte. Tenk deg at det har vore litt mykje i ein periode. Eg reknar med at det er litt mykje i periodar når du er statsråd. Og ein dag er du kanskje litt ekstra trøytt. Og du går til kontoret, i dine eigne tankar, på autopilot. Og først når du har komme fram og sett deg ned på stolen, først då ser du deg om og legg merke til det: No har eg gått feil. Eg har gått til min gamle jobb. Eg er i feil departement. Og der står Hadia Tajik i døra og ser spørjande på meg.

Eg ville forstå det om slikt skjedde.

Viss du no har vore for eksempel kulturminister i nokre år, så må det vere vanskelig å berre kutte tvert. La oss seie at du går på eit kulturarrangement, etter at du har skifta jobb, som vanlig publikummar. Då vil eg tru det kan skje at du av gammal vane går opp på scena etterpå for å seie nokre ord. Kanskje har du nokre papplappar med stikkord liggande i lomma, frå gammalt. Der står det kanskje:

«Kultur. Bygge bru.»

Eller:

«Forstå kvarandre. Musikk som språk.»

Og det kan vere nok. Så er du i gang. Og snakkar deg varm. Og folk er jo høflige. Det er ingen som seier frå om at du faktisk ikkje er kulturminister meir. Nei, folk står der berre og ser litt urolige på kvarandre. Og det gjer deg ingenting. Slikt er ein van med etter å ha vore kulturminister i nokre år.

Eg ville forstå det som slikt skjedde.

Og når slikt tydeligvis ikkje skjer, så er det litt imponerande. Og litt skremmande.


Denne teksten stod først på trykk i Aftenposten 22. september.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39
ANNONSE