Ny rapport viser at flått er viktigaste årsak til tap av lam.

Arne Frøkedal, Grannar.no
Arne Frøkedal, Grannar.no

Flåttsjukdommar er hovudårsaka til tap av lam på beite i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er konklusjonen i eit regionalt tilsynsprosjekt i regi av Mattilsynet.

Å senda småfe på beite har både positive og negative sider. Beitedyra får leva eit meir naturleg liv fleire månadar i året, samtidig som det er ein viss fare for at nokre av dyra døyr mens dei er ute. Tap av lam i ikkje-rovdyrområde, det vil seia område utan bjørn, ulv, jerv eller gaupe, er eit stort problem – både i talet på tap og i lidingane som ligg bak.

Meir kunnskap
Bakgrunnen for prosjektet var tal frå fylkesmennene i Hordaland og Sogn og Fjordane som viste at det i 2010 var mange tap på beite som ikkje var rovdyrrelaterte. Mattilsynet ønska difor å få meir kunnskap om dei viktigaste årsakene til tap av lam i dei ulike områda i regionen.

— Eit anna mål med prosjektet var å bevisstgjera dyreeigarane på årsaker til tap, 
slik at dei eventuelt kan gjennomføra korrigerande tiltak, skriv Mattilsynet.

Tilsynsrapportane blei samla inn frå fire av seks distriktskontor i regionen, 
og er frå 2011.

Sunnhordland
Sjølv om det er vanlig å behandla alle lam med flåttmiddel før beiteslepp, er flått den største dødsårsaka i dei tilfella der årsaka til tapa er kjent, går det fram av Mattilsynet sin rapport.

Fleire dyreeigarar har rapportert at dei tok i bruk eit nytt og meir effektivt middel til flåttbehandling i 2011. Likevel døyr mange lam på grunn av flåttsjukdomar ute på beite.

– Størst tap av lam der flått var hovudårsaka finn me i distrikta Sunnhordland og Sunnfjord og Ytre Sogn.

bør gjerast meir for å kartlegga årsakene til tap av lam på beite i regionen

Andre kjente årsaker til tap av lam på beite i 2011 var rev og invasjon av spyflogelarver (flogemakk). Rev er nemnt som årsak hos alle distriktskontora som deltok i prosjektet, medan det er tilfeller av tap på grunn av flogemakk ved tre av fire distriktskontor. Enkelte stader som Sunnfjord og Ytre Sogn, har hatt tap av lam på grunn av ørn som hovudårsak.

Beiterestriksjonar?
– Tilsynsprosjektet viser at me kjenner dei viktigaste tapsårsakene på beite også utanom rovdyr, men det er også mange tilfelle der den faktiske dødsårsaka er ukjent. Dette kan bety at det bør gjerast meir for å kartlegga årsakene til tap av lam på beite i regionen, uttaler Mattilsynet.

Etaten vil at besetningar i regionen som har tap over ein viss prosent skal bli risikovurdert med tanke på tilsyn, og følgjast over ein periode på to til tre år. Samfunnet aksepterer ikkje store tap over tid utan at det blir inn tiltak.

– Dersom effektive tiltak som reduserer tapa ikkje kan synleggjerast, må det forventast vedtak om beiterestriksjonar for dei aktuelle besetningane, meiner Mattilsynet.

LES SAKA I GRANNAR!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE