Inspirert av null prosent

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dagrun Eriksen, stortingsrepresentant og utdanningspolitisk talskvinne, trur det vil inspirere partiet til å forbetre seg. 

– Det inspirerer til å få ein betre utdanningspolitikk. Eg meiner Noreg treng stemma vår både når det gjeld studentvelferd og når det gjeld mangfald, seier Eriksen. 

– Er det inspirerande at null prosent meiner dykk har den beste utdanningspolitikken? 

– Det er ikkje ein løyndom at vi ikkje har kome godt ut når det gjeld politikk på høgare utdanning. Noko av dette handlar om at vi er mest kjent for dei mjuke politikkområda som familie og omsorg. Det er vanskeleg for eit lite parti å vere synleg på alle politikkområde, seier Eriksen. 

– Oppsiktsvekkande
Eit anna parti som gjorde det svakt i undersøkinga er Framstegspartiet (Frp). Berre 2 prosent meiner dei er best på høgare utdanning. Det overraskar partiet sin utdanningspolitiske talsmann og stortingsrepresentant Tord Lien. 

– Det er overraskande sidan vi er eit av dei partia som meiner mest om høgare utdanning. At folket meiner dette synest eg er oppsiktsvekkande. Vi er ofte på plass og uttalar oss når det skjer noko. Det er kanskje eit teikn på at Frp ikkje blir oppfatta som eit parti for akademikarar, seier Lien. 

– Liten skilnad
Lien synest det er spesielt overraskande at det er så store skilnader i oppfatninga til folket av utdanningspolitikken til Høgre, Venstre og Frp. 

– Vi har ganske lik utdanningspolitikk. Eg trur dette først og fremst handlar om korleis folk oppfattar oss meir enn den faktiske politikken, seier Lien. 

Meiningsmålinga er gjort av Sentio Research for Norsk Studentorganisasjon (NSO).

Les saka i Universitas!