Klar med første vaksenroman

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein utviklingsfase der eg utfordrar meg sjølv, og går utfor mi eiga komfortsone, seier bokaktuelle Ingelin Røssland, som i desse dagar debuterer som vaksenbokforfattar.

På bokmål
Boka heiter «Kirsebærsnø», og er gjeven ut på Samlaget. Neste bok, «En ekte helt», er ei barnebok og kjem på Cappelen Damm om få veker. Boka er skriven på bokmål.

– Det er noko forløysande med å ha denne variasjonen, både med tanke på alderen på målgruppa og at eg no har skrive på bokmål. Det er gøy å utvida repertoaret, seier Røssland som tidlegare har gjort suksess med fleire bøker for born og unge.

Bok for kvinner
Hennar første vaksenbok blir marknadsført som ein real kjærleiksroman i dameroman-sjangeren.

– Kva betyr eigentleg det?

– Det er rett og slett ei bok eg trur kvinner vil synast er kjekkast å lesa, og som kvinner vil kjenna seg igjen i. Det betyr ikkje at det er ein kioskroman, seier Røssland.

LES OGSÅ: Nynorsk litteraturhaust

– Naturleg val
Tidlegare har ho skrive bøker for jenter.

– Då var det heilt naturleg at eg no var bevisst på at det er kvinner eg skriv for. Eg synest det er gøy, for det er jo litt skite og snuskete å seia at ein skriv dameroman. Men eg meiner det skal vera noko heilt anna. Kvinner er veldig bevisste på litteratur, og bruker mykje tid å på diskutera det dei les i boksirklar og den slags. Difor er det ganske kjekt å skriva for damer, og vita at boka kan bli diskutert heftig over vinglas eller tekoppar, seier Røssland.

– Kva er nytt med å skriva for vaksne i staden for ungdom?

– Det er ikkje så svart-kvitt. Når du skriv for og om ungdom og born er kjenslene veldig sterke, og alt er veldig svart-kvitt. Då er det lite å halda tilbake. Vaksne har lært å kontrollera kjenslene sine litt meir, eller prøver i alle fall på det, seier Røssland.

LES OGSÅ: – Må bli meir kommers

Sjølvopplevd tematikk
«Kirsebærsnø» handlar kort fortalt om ei kvinne som innser at i forholdet med ektemannen, er det ho som elskar mest – eller i fall heitast. Det byr på komplikasjonar når det plutseleg dukkar opp ein svensk dyrlege som verkeleg ser henne, og udiskret gjer kur til den gifte hovudpersonen.

– Er det noko av dette som byggjer på dine eigne røynsler?

– Alle bøker kjem jo frå ein plass, noko ein har opplevd eller kanskje noko ein går og tenkjer på. Ideen til denne boka kom etter at eg sjølv hadde gått på trynet i kjærleiken igjen, og låg på baderomsflisene og grein. Då tenkte eg gjennom kva det er eg gjer feil, og kven eg er i eit forhold. Kva er det som gjer at ein får fram det verste i kvarandre når ingen av oss er vonde psykopatar, men det berre ikkje funkar? Kven ein er i forhold til andre handlar også boka om, seier tysnesingen.

Les saka i Sunnhordland!

Faktaboks

– Ingelin Røssland er ein 36 år gamal forfattar frå Tysnes.
– Ho debuterte med romanen «Viss du vil» i 1998, og har seinare gjeve ut ei rekkje bøker, og vunne fleire prisar.
– Ho er utdanna journalist og skodespelar, og har bakgrunn som journalist i Tysnes, Haugesunds Avis og Hardanger Folkeblad. Ho har også vore tilsett i NRK-programmet «Newton».
– Har sidan 2009 budd i Stockholm.
– Var festivalforfattar under den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu i 2011.