Nynorsk litteraturhaust

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag presenterte Samlaget Haustlista si på Litteraturhuset i Oslo. Blant bøkene som kjem i haust finst både nye bøker av kjente forfattarar, men òg, og kanskje mest spanande, nye bøker av heilt nye forfattarar. Forfattarar som kanskje skal prege litteraturlivet i åra frametter.

Haustlanseringa: Kva er greia?
Haustlanseringa er det store boksleppet. Det er her Samlaget fortel om alle bøkene som vil kome i haust. Haustlanseringa er todelt: Det er både ein pressekonferanse og ein fest. Pressekonferansen er tidleg på dagen, og ein informasjonskavalkade. Festen er seinare på kvelda, med mat og musikk og sprudlevatn og alt som høyrer til.

Korleis er det å vere på Haustlanseringa? Trangt. Rommet på Litteraturhuset er stapp fult av folk: Av forfattarar, journalistar, forlagsfolk. Og ein får bøker. Det er heilt sant: På pressekonferansar delar dei ut bøker, som ein får med seg, heim, gratis. Er ein fattig student og vil ha gratis litteratur, må ein altså byrje å skrive om litteratur. Dei som er mest interessert, dei får òg mest.

Etter at ein har teke seg brus, eller kaffi, eller frukt, eller sjokolade, gjeld det å finne seg ein plass. Skal ein ta bilete, er trikset å setje seg lengst ute i seteraden, så ein slepp å skumpe borti alle og ein kvar, kvar einaste gong ein reiser seg for å ta foto.

QUIZ: KVEN SKREIV BOKA?

Rystande historier frå krigen.
Så startar det. Forlagsdirektør Edmund Austigard, han som er sjef for alt som har med pengar å gjere, fortel om året som har vore, om salet av Samlaget utdanning og dei nye digitale utfordringane. Det er jo interessant, det må ein jo innrømme, men dei fleste av oss sit og trippar og ventar på Håkon Kolmannskog, forlagssjefen, som er sjef for det litterære, skal fortelje om dei bøkene so skal kome. Endeleg!

Vi får høyre frå Ragnhild Kolden sin nye bok, Krigens skugge. Boka er oppfølgjar til Kolden sin debut, I krig og fred frå 2010, og er ei mørk historie om tyskertøsen Tea. Kolden les eit grueleg utdrag frå boka for oss, der Tea etter eit valdteksforsøk blir utsett for eit nytt, og det går eit gys gjennom forsamling. Kolden fortel at ho eigentleg ville ha skrive om søstera til Tea, men ho klarte ikkje sleppe den forferdelege sjebna til Tea.

– Dette er inga lettbeint damebok, seier ho.

Lettbeina barnebøker
På den meir lettbeina sida finn vi Anna Folkestad. Ho debuterte i fjor med barneboka «Henrik and» og kjem i år med heile to biletbøker for barn. Bøkene følgjer dei to pingvinane Unni og Gunni, to ganske rastlause sjelar som finn på mykje sprell.

Forlagssjef Kolmannskog fortel at bøkene i tillegg vil kome som app-ar til smarttelefonar og lesebrett.

Lovande debutantar
Blandt dei nye bøkene er fleire debutantar.

Anne Viken, som frå før er kjent som journalist, veterinær og kommentator, debuterer med barneboka Elise og mysteriet med dei døde hestane. Det er ei spanningsbok der vi får følgje Elise sommaren ho er assistent for onkelen som er vetrinær. Då det plutseleg dukkar opp mystiske daude hester skjønner Elise at vetrinærjobben både er meir alvorleg og farlig enn ho hadde førestilt seg.

Men ikkje berre krim og spaning: Språk står og på debutantmenyen.

Kristin Fridtun, som tidlegare har skrive om den nye nynorsknorma for Framtida, kjem med boka Norsk etymologisk oppkok ei bok der ho herjar med kvardagsspråket og lærar deg ting om ord du ikkje visste du ville vite. Fridtun har fast spalte i Dag og Tid, og alle som har lese denne veit kva dei har i vente: Ei lett og ledig spalte ein både kan le og lære av.

LES OGSÅ: Nye nynorskpoetar har noko å seia

Diktdebut om bestemor
Mange diktar og kjærleik og tap. Men kanskje har du ikkje lese dikt skrive om ei bestemor? Siw Anita Kirketeig er ei av to diktdebutantar, og ho har skrive boka Alt kjød er grønt gras, ei bok som fortel nett om kjærleiken og saknet etter ei bestemor.

Når ho står her og les for oss er det første gong ho møter verda som bokdebutant. Det må vel vere spanande?

– Ja, det er det, veldig eigentleg. Det er ein draum eg har hatt veldig lenge. Då er det veldig kjekt å få gje ut, seier ho.

Og lenge, det er lenge det:

– Siden eg var kanskje 13-14, så det er kanskje lenge.

Boka har ho jobba med dei siste tre åra, mellom anna medan ho gjekk på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Det har vore mange rundar, fortel ho.

– Boka har forrandra seg veldig mykje medan eg har arbeida med henne. Det er eigentleg utruleg når ein ser på utgangspunktet og samanliknar med det ferdige resultatet.

For tida går Kirketeig på Kunsthøgskolen i Bergen. Ho fortel at ho likar å arbeide både med kunst og litteratur.

– Det passar jo godt saman! Eg vonar bachelorgraden min delvis kan handle om tekst, i tillegg til visuelt arbeid, avsluttar ho.

LES OGSÅ: Snøblinde kjærleiksdikt på breen

Godbitane
Det går jo knapt an å lese alle bøkene som kjem ut kvart år. Derfor skal du få nokre av våre favorittar til bokhausten.

Jan Roar Leikvoll kjem med Bovara, boka som allereie hadde fått strålande meldingar, mellom anna i NRK. Leikvoll held fram med det mange vil kalle hans groteske spor.

Ingelin Røsseland, kjent og kjær ungdomsbokforfattar, kjem med sin vaksenbokdebut Kirsebærsnø, ei historie om ei kjærleikshungrig frisør som forelskar seg i dyrlegen Alex.

Fuck off, I love you er den nye boka til Lars Mæhle. Der treff vi Vemund, ein ung gut som rotar seg inn i eit tøft miljø på eit treningssenter. Mæhle har tidlegare fått U-Prisen (ungdomens kritikerpris) Fabelprisen og Kulturdepartementet si litteraturpris, og dessutan skreiv han bok Keepern til Tunisia, som blei filmatisert (Keeper'n til Liverpool).

Dessutan kjem det mange nye bøker i dei populære ungdomsseriane. Sisteboka i Dystopia serien, Dystopia IV, av Terje Torkildsen kjem no i haust. I tillegg kjem andre boka i den populære Villheksa-serien til danske Lene Kaaberbøl, Vidrians blod, og Mørkemannen av Asbjørn Rydland, tredje boka i serien om Drakeguten.