Eg har høyrt den vitsen før

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem til å bli mange debattar. Det kjem til å bli mange kommentatorar som skal fortelje oss kven som vann debattane. Vi kjem til å bli mange kommentatorar som på ein litt artig måte skal fortelje folk kor teitt det er at kommentatorar skal fortelje folk kven som vann debatten. Og vi kjem til å bli mange på twitter som skal fortelje folk at i staden for å kåre vinnarar og taparar og kommentere kommentatorar, så burde vi vere opptatte av det som verkelig betyr noko i politikken, nemlig å slå ein vits på under hundreogførti teikn.

Og alt dette er greitt. Alt dette er ting som har komme for å bli, ting som har pågått for lenge til at nokon kan klare å stoppe det no. Alt dette må vi berre lære oss å leve med. Kanskje til og med lære oss å like. Det er med debattantar og kommentatorar som det er med slektingar. Dei kjem heile tida, sjølv om du ikkje inviterer dei. Det er like greitt å sette på kaffien, høyre kva dei har å seie, og la det stå til.

Men ein ting lurer eg på om vi kan få stoppa før det tek meir av. Og det er samanlikningane med Gro og Kåre.

Ting tyder på at etter valet er det enten Jens Stoltenberg eller Erna Solberg som er statsminister. Ein Høgre-politikar eller ein AP-politikar. Ein av kvart kjønn. For nokre dagar sidan møttest dei to til duell i eit NRK-program, og det tok ikkje lang tid før dei første samanlikningane med Gro og Kåre-duellane kom.

For dei av lesarane mine som framleis har liva sine framfor seg: Gro og Kåre er altså Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch. De kjenner dei kanskje som veteranar. Men ein gong for lenge sidan var dei noko anna. Dei kjempa om statsministerjobben i tida rundt Brede Hangelands fødsel, ei tid då MTV og Pizza Grandiosa var nytt og rart og songen «Hubba hubba zoot zoot» toppa VG-lista. Og VG fanst berre på papir. Dei representerte altså kvart sitt parti, AP og Høgre, og kvart sitt kjønn.

Og eg forstår dette behovet for å minne om at ting har skjedd før. For all del. Eg kjenner behovet sjølv. Det kjem, når du har vore vaksen lenger enn du har vore barn. Du trur ikkje det skal skje deg, men det gjer det. Det dukkar opp, plutselig, uventa, uvelkomme: Behovet for å påpeike at ting har hendt før. Eg trur det skjer fordi at når du har vore vaksen i ein god del år, så er det berre dette du har som gir deg overtaket. Yngre folk har gleda av å oppdage ting for første gong. Dei kan høyre ein song og oppføre seg som om dei har oppdaga noko nytt og fantastisk. Den gleda har ikkje du meir.

Den einaste gleda du har, er gleda ved å øydelegge for dei som er yngre enn deg ved å påpeike at den songen du no dansar deg galen til og som du trur er ny og frisk, den er faktisk nesten ein kopi av ein song frå 1989. Og den vitsen som du trur er nyskapande, den høyrde eg faktisk i 1992.

Det er ikkje sympatisk. Det er ikkje raust. Det er ikkje noko som helst som er positivt eller konstruktivt. Men det kan skje dei beste av oss.

Og derfor forstår eg naturligvis behovet, når det står mellom to statsministerkandidatar av motsett kjønn frå Høgre og AP, for å minne om at det slett ikkje er første gong det står mellom to statsministerkandidatar av motsett kjønn frå Høgre og AP.

Eg forstår det. Men likevel: Kan vi la akkurat det vere? Det er dårlig gjort mot alle dei som ikkje husker Gro og Kåre-duellane. Det er ikkje særlig sympatisk. Og, ærlig talt, som folk vil oppdage når dei finn gamle Gro og Kåre-klipp på YouTube: Det er ikkje ei veldig god samanlikning. Både Gro og

Kåre og Erna og Jens har motsett kjønn og kjem frå Høgre og AP. Men det er i grunnen også det.

Med mindre Erna Solberg plutselig skulle utvikle seg til å bli ein spydig fyr med lite hår.

Stod først på trykk i Aftenposten 15. september.

 

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!