– Bøndene bør bruka klimaendringane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik bør bøndene bruka varmare vêr

Vekstsesongen vil truleg auke med mellom éin og to månader over store delar av Noreg som følgje av klimaendringar. Det skaper heilt nye moglegheiter for norsk landbruk.

I høgareliggjande strøk kan vekstsesongen mot slutten av hundreåret bli tre månader lenger, skriv Forskning.no. Vekstsesongen er definert som talet på dagar med gjennomsnittstemperatur over 5 varmegrader.

LES OGSÅ: Utvidar klimaprogram for landbruket

– Når klimaet høgst sannsynleg blir varmare i framtida, bør norske bønder utnytte desse nye moglegheitene, er rådet frå meteorolog Inger Hanssen-Bauer, som har leidd viktige delar av eit forskingsprosjekt som har gitt fleire svar om klimaet i Noreg i framtida.

Nye plantesortar som kan utnytte eit varmare norsk klima, bør utviklast, er rådet frå forskarane. I tillegg kan varmekjære planter truleg dyrkast lenger nord i landet enn i dag.

Frostfaren vil likevel framleis vere til stades om ein sår eller plantar for tidleg. Tidlegare start på sesongen kan derfor auke risikoen for frostskadar.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen vår!

– Også om hausten vil plantene kunne vekse lenger. Men kjem vi langt nok ut på hausten, blir det svake lyset her i nord ei avgrensing. Utan lys sluttar plantene å vekse, sjølv om klimaet er varmt, seier Hanssen-Bauer.

Skogbruket vil også få merke eit varmare klima. Tilveksten i skogen vil auke. Tregrensa vil krype endå lenger oppover. Attgroinga av kulturlandskapet kan skyte fart.

Samtidig vil meir skog binde endå meir CO2. Produksjonen av treverk og biobrensel kan også auke. (©NPK)

Korleis meiner du landbruket best kan utnytta klimaendringane?