Finn maten sin i boset

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei grøn regnjakke er Håvard Hulløen kledd for hausten i Bergen. Han kjem frå Skien, men studerer no sosialantropologi ved Universitetet i Bergen.

I mange månader har han levd utan å kjøpe seg mat, men han har ikkje vore svolten av den grunn.

Hulløen driv med såkalla søppeldykking, leitar etter mat som butikkar kastar.

LES OGSÅ: Noreg har verdas billegaste bensin

Opprør mot materialismen
Han har vald å gjere det slik fordi han meiner at ein kan klare seg utan å kjøpe så mykje og høyrer til ei rørsle som kallar seg friganarar.

– Eg meiner materialismen køyrer oss ut i ein andeleg og økologisk øydemark.

Hulløen veit korleis han kan skaffe seg mat gratis. Ein måte dei fleste av oss ikkje vil vurdere utan ein viss kjensle av skam.

– Det var ein høg terskel for meg før eg byrja med det, fortel Hulløen.

QUIZ: Prøv deg på den store klima-quizen!

Inspirert i økolandsby
Saman med kjærasten budde han ein periode i ein økolandsby i Danmark og vart kjent med folk som dreiv med såkalla søppeldykking eller "dumpster diving" på engelsk, ofte forkorta til berre "dumpstring". Hulløen byrja å lese seg opp på temaet, men det skulle framleis ta ei tid før han våga å byrje med det sjølv.

– Når noko har kome ned i søppelkassen så er det definert som skittent, men det treng ikkje vere det. Å vende seg av med den oppfatninga er ein prosess ein må gjennom, fortel han.

Vond lukt
Han kjenner godt rutinane til dei ulike daglegvarebutikkane i Bergen. Ved ulike butikkar er det ulik type mat å få tak i. Nokre stadar er det mogleg å få tak i ferdigpakka lunsjrettar som framleis er varme. Andre stadar både Fjordland, frukt og grønt.

– Når eg drar på dumpstring har eg med meg ein sekk og plastposar. Eg puttar alt i posar. Når eg kjem heim tek eg alt ut av emballasjane og puttar det i boksar. Ofte kan emballasjen vere møkkete og lukte vondt, fortel Hulløen.

LES OGSÅ: Kunne metta milliard – går rett i båset

I byrjinga dukka han ned i søppeldunkane utanfor daglegvarebutikkane berre på natta. No gjer han det på kveldstid òg, og nokre gonger på dagtid. Han møter gjerne utlendingar i same ærend.

– Fleire gonger har eg møtt arbeidsfolk frå Polen. Dei køyrer gjerne bil. Eg har vorte kjent med dei, og har fått sitje på med dei heim fleire gonger, fortel Hulløen.

Han bruker alltid å sjå på datoen på varene han finn. Ein Fjordland-pakke som har gått ut for tre dagar sidan, er til dømes som regel like god å ete.

Når han står med hovudet nede i boskontaineren, håpar han at nokon forbipasserande skal få seg ei overrasking og byrje å tenkje.

– Eg meiner ein får ein breiare forståing av verda ved å verte litt satt ut.

Sjølv lever han ikkje som ein friganar. Han er ikkje totalt lausrive frå forbrukarsamfunnet rundt han, han bruker pengar når han må eller har lyst.

– Friganarar veit at det er umogleg å lausrive seg totalt frå resten av samfunnet, og det er lite effektivt om ein ynskjer ei samfunnsendring, seier Hulløen.

Men han veit at det er mogleg å bruke kroner null på pengar til mat, og har gjort det i lange periodar.

LES OGSÅ: Vil gje Jorda vår rettar

Betre kosthald no

Før han byrja med søppeldykking var kosthaldet dårlegare.

– Eg tenkte det var smart å berre ete spagetti til middag til dømes, for å spare pengar. No et eg mykje meir grønsaker fordi det er både gratis og godt.

Nokre butikkeigarar jagar han vekk om dei oppdagar folk som leiter i bosset deira, medan andre synest det er positivt.

– Mange likar ikkje at dei kastar så mykje mat som ein kan ete og eg får overtala dei til at dei synest det er greitt at eg tar med meg noko, seier Hulløen.

Les òg: Reddar klimaet med å ete kråkebollar

Så mykje kastar vi

Friganar-rørsla er ikkje så stor i Noreg enno, ifølge Natur og Ungdoms medlemsblad Putsj. Men rørsla er i vekst.

I 2011 kasta norske forbrukarar 330.000 tonn med mat, syner ei undersøking gjort av Østfoldforskning. 13 prosent av dette vart kasta frå butikkar. Butikkane seier i undersøkinga at hovudårsaka til at dei må kaste så mykje, er at dei bestiller meir enn dei sel.

Les saka i Magasinett!