Europa pustar letta ut

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Vinnaren av valet er Mark Rutte og partiet hans, Volkspartij voor vrijheid en demokratie (VVD) – «Folkeparti for fridom og demokrati». VVD får 41 av 150 sete i Andrekammeret – Nederlands underhus. Dermed blir dei liberalkonservative verande ved makta i Nederland. Men spørsmålet er no kven VVD skal gå i regjeringskoalisjon med.

Amerikansk stil
I Nederland heiter det derimot at RTL, TV-selskapet, er vinnaren av det politiske valet. Prognosar seier at 40 prosent av veljarane er utan fast partitilhøyrsle; dei sit på gjerdet og skifter lett meining. Partidebattar i media og fjernsyn får dermed mykje å seia. Den som stakk av med sigeren på fjernsynet, var Diedrik Samsom, leiaren for PVdA, Arbeidarpartiet.

I august såg partiet hans berre ut til å få kring femten sete i Andrekammeret. Men PVdA opplevde uventa god oppslutning den siste tida. Det kan takkast den overraskande gode figuren sosialdemokraten gjorde i TV-debattane.

I tillegg har den 41-årige politikaren overraska på anna vis. Samsom har køyrt valkampen på amerikansk vis. Med kona, sonen og den funksjonshemma dotter si på slep har han reist rundt i Nederland og late seg framstella som ein ansvarsmedviten familiefar. Samsom har liketil hatt familien med på dei politiske TV-reklamane han har medverka i.

Om den nye valstilen er kontroversiell og vekte mykje kritikk, har han òg bore frukter. Eit dramatisk kapplaup mellom Rutte og Samsom utspela seg dei siste timane av valdagen. PVdA såg ut til å vinne, men enda opp med 39 sete i Andrekammeret, to sete mindre enn VVD.

LES OGSÅ: – Finanskrisa startar ein ny æra

Ekstreme krefter
Men for nokre månader sidan såg situasjonen svært annleis ut. I april braut samarbeidet mellom Rutte og Geert Wilders saman. Wilders – som sjølv har fortid i VVD – trekte seg frå koalisjonen i protest mot nye budsjettkutt. Han og partiet hans, PVV, Fridomspartiet, køyrde deretter ein kampanje som har gått på EU-motstand – i tillegg til gamle kjepphestar som islam- og innvandrarkritikk.

Samtidig fekk ein annan partileiar uventa god vind i segla: Emile Roemer, leiar for det sosialistiske Sp – Raudts gamle maoistiske systerparti. Politikken til Roemer har mange punkt sams med Wilders og PVV: Roemer er imot planen om ein bankunion i EU og EUs budsjettdisiplin.

Dette skiftet fekk politikarar og kommentatorar til å varsku om ekstreme vindar over Europa. EU skalv i grunnvollane. Under statsminister Mark Rutte var Nederland ein av Angela Merkel og Tysklands sterkaste støttespelarar om budsjettdisiplin for Europa. Historisk sett, heilt sidan EUs føregangar, kol- og stålunionen, vart skipa i 1951, har Nederland spela ei sentral rolle i forminga av det nye Europa. Mark Rutte blir sjølv rekna som ein av grunnleggjarane av euroen. Valet i Nederland handla ikkje berre om Nederland, det handla om EUs livsrett.

Og fram mot valdagen hagla onelinerane på TV-debattane retta mot EU. «Kjem eg til makta, ringjer eg Brussel og seier at no gidd vi ikkje meir; nok EU-direktiv og nok gresk grådigskap», åtvara Geert Wilders.

LES OGSÅ: Høgare løningar kan redde Europa

Europeisk jubel
Men det vart altså verande med redselen. Wilders er god til å driva valkamp mot islam, men EU-kritikk beit ikkje på hollendarane, konkluderer valforskarane.

Wilders og PVV får femten sete i Andrekammeret, ni færre enn ved siste val. For Roemer var framgangen på meiningsmålingane eit blaff. Partiet enda òg på femten sete – like mange som det hadde frå før.

Det er ikkje tvil om at den store taparen i valet er Geert Wilders – Nederlands mest kjende politikar. Nederlandske medium melder at både tyrkiske og tyske aviser jublar over valet: Anti-islamkritikken i landet har fått seg ein knekk, og samarbeidet med Tyskland om eit stramt EU-budsjett får stå ved lag.

Veljarane samla seg altså om dei moderate partia. Trass i ulikskapar mellom VVD og PvdA spår valforskarane at dei saman kjem til å dana ein regjeringskoalisjon som truleg får namnet den «lilla regjeringa». Men Mark Rutte har enno ikkje gått offentleg ut med kven partiet hans vil dana regjering saman med.

LES SAKA I DAG OG TID!