Krev svar om naudnettet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg blei heilt sjokkert

NRK presenterte denne veka reviderte dekningstal for det nye naudnettet i Norge. I følgje ein hemmleg kontrakt, som kanalen har fått tak i, vert dekningskravet i fylket redusert frå 86 til 57 prosent.

Sjokkert
Frank Willy Djuvik reagerer på desse opplysningane.

– Eg blei heilt sjokkert då eg leste dette. Eg hadde aldri sett for meg at ein politikar ville godta å redusera dekninga ytterlegare etter den store diskusjonen som har vore om naudnettet nyleg. Korleis kan ein føreslå å redusera dekninga til 57 prosent i eit fylke som berre har 86 prosent frå før av? undrar Djuvik.

Må svara for seg
Han seier at partiet si stortingsgruppe vil jobba aktivt for å få eit svar på det han karakteriserer som ei politisk skandale.

– Dette er noko me vil ta opp med Stortinget. Ingrid Heggø og Tor Bremer har som stortingsrepresentantar eit særskilt ansvar å tala innbyggjarane i fylket si sak. Me krev eit svar frå stastråd Faremo om korleis ein skal sikra eit naudnett i fylket med ein slik reduksjon, når resten av det politiske Noreg har sett beredskap og sikkerheit i høgsetet.

Store konsekvensar
Etter at Dagmar herja store delar av landet, blei fleire bygder totalramma av manglande naudnett. Djuvik meiner dette er eit døme på korleis ein reduksjon vil få fatale konsekvensar.

– Ein står i fare for å mista samhandlinga mellom naudeatane i store delar av fylket. I området som blir utan dekningsområde er ein jo attende til steinalderen. Politi, brann og ambulanse vil ikkje kunne kommunisera under redningsaksjonar. Me er eit fylke med mykje vêr og vind langs kysten, samt høge og snøkledde fjell med turisme i innlandet, at me i tillegg skal ha dårlegast dekning i landet er heilt krise.

Skal sjekke tala
Sogn og Fjordane AP hadde onsdag eit møte, der dei diskuterte tala frå NRK.

– Me hadde eit telefonmøte i Sogn og Fjordane AP tidlegare i dag, der me diskuterte denne saka. Då gjekk me gjennom desse nye tala, som høyrest vanvittige ut. I fylket har me store utfordringar med kyst og fjell, og om naudnettet skal ha noko reell verdi må dekningstala vera høgre enn 57 prosent, seier Tor Bremer, stortingsrepresentant for Ap i Sogn og Fjordane.

LES SAKA I SOGN AVIS!