Utforska sitt indre tankeunivers

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pizza og brus har gitt energi til kreativ skriving. No er oppvarminga i full gong. Kursleiar Erlend O. Nødtvedt spelar musikk som varierer svært mykje i genre og stil. Frå klasserommet i Bømlo folkebibliotek kan høyrast alt frå klassisk musikk til The Prodigy sin hesblesande “Firestarter”. Seks unge bømlingar i alderen 12-15 år har fått beskjed om å skriva ned dei tankane som kjem inn i hovudene deira medan dei høyrer på musikken. Etterpå skal dei prøva å utforma eit dikt ut frå det dei har fått ned på papiret.

UKM
Det var Bømlo folkebibliotek som arrangerte kurset i samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek. Målsetnaden er at fleire unge skal leika seg med ord og setningar. Håpet er også at flere skal bli inspirerte til å delta i Ungdommens kulturmønstring (UKM) med sjølvskrivne tekstar.

Kursleiar Nødtvedt har sjølv gitt ut to diktsamlingar, og han har halde fleire skrivekurs for barn og vaksne. Dette er første gong han leier eit skrivekurs for ungdom.

LES OGSÅ: Snøblinde kjærleiksdikt på breen

Prosa og poesi
Nødtvedt er godt nøgd med kursdeltakarane sine denne ettermiddagen. Alle seks kom raskt i gong med skrivinga under oppvarminga. Slik er det slett ikkje alltid. Røynslene til kursleiaren tilseier at kreativiteten ofte er større blant barn enn blant vaksne som kjem på kurs.

– Å nytta til dømes musikk for å henta fram det undermedvitne og koma i gong med skrivinga er ein vanleg teknikk. Det triggar assosiasjonar. Så kan me etterpå finna fram det som er verdt å ta vare på, gjerne noko overraskande. Dette blir forhåpentleg surrealistiske dikt til slutt.

LES OGSÅ: – Nye nynorskpoetar har noko å seia

– Er det dikt de skal konsentrere dykk om i dag?

– Berre i starten. Me kjem også innom prosa og poesi i løpet av dei tre korte timane me har til rådvelde. Me skal innom det å skapa ein litterær karakter, me skal sjå på det å skapa ei fortelling til bilete, og så skal me ha ei skriveøving der kursdeltakarane finn på ei setning kvar, svarer han (teksten held fram under biletet.

Seks unge deltakarar melde seg på skrivekurset. Med på biletet er: Anna Rusten Moldøen (12).Julie Kristiansen Haldorsen (15), Marie Rusten Moldøen (snart 15), kursleiar Erlend O. Nødtvedt, Emma Amundsen (14), Jonas Økland (13) og Hedda Emilie Hidle (13).

Spennande
Nødtvedt tykkjer det er bra at biblioteka vil inspirere dei unge til å skriva. Sosiale media og bloggar kan vera ein inspirasjon i seg sjølv, men det er bra at ein med denne type kurs kan bidra ytterlegare til at ungdom skriv, tykkjer han. Marie Rusten Moldøen (snart 15) og Julie Kristiansen Haldorsen (15) seier til Bømlo-nytt at det er både interessant og spennande å vera med på kurset.

LES OGSÅ: Poetar bloggar seg over fjellet

– Korleis vart de påverka av dei ulike musikkgenrane? Vart det skilnad på tekstane?

– Ja, det vart det, nikkar Julie. Ho fortel at det var venninna Marie som spurde om ho ville vera med ho på kurset. Den invitasjonen takka ho ja til. Men vil dei så delta i ungdommens kulturmønstring, med tekstar dei sjølv har skrive? Julie har ikkje særleg trur på det. Det har ikkje Marie heller eigentleg, men ho utelukkar det ikkje heilt.

Nytt kurs
5. november blir det nytt kurs for ungdom på biblioteket. Då er det kurs i framføring med kursleiar Taro Vestøl Cooper. Han er både skodespelar og noregsmeister i poesislam. Poesislam er i følgje www.poesislam.no ein konkurranseform i krysningspunktet mellom poesiopplesning, hip-hop-battle, teatersport og konsert.

Les saka i Bømlo-Nytt!