Reddar klimaet ved å ete kråkebollar

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Et kråkebollar – redd klimaet

Oteren er havets gourmand, og har om lag 100 rettar på det rikhaldige matkartet sitt. Det går mest i virvellause dyr, som skjel, sniglar og kråkebollar.

Og det er når havoteren forsyner seg av kråkebollar, at klimaet får ein fordel. Då veks nemleg tangen best, fordi kråkebollane ellers gneg på tangstilkane og et opp heile tangskogen. Tang er viktig for å redusere utslepp av karbongassar, CO2, viser ny forsking frå Universitetet i Santa Cruz. Dei store tangskogane nord i Stillehavet strekk seg opp til 75 meter opp frå havbotnen.

Påverkar karbonsyklusen
Studien frå USA analyserte talmaterial frå ei periode på 40 år, og kopla tala på havoter og tang. Forskarane Chris Wilmers og James Estes fann ut at havområde med spreiing av tang absorberte opp til 12 gongar meir karbondioksid frå atmosfæren, samanlikna med område der det var få havoterar og kråkebollane regjerte.

– Funnet er særs viktig, fordi det syner at dyr kan ha ei stor påverknad på karbonsyklusen, seier Wilmers i ein artikkel frå ecoseed.org.

Rapportar har vist at opp mot 93 prosent av verdas CO2 vert lagra og reinsa i dei store hava.

Les også: Grindkvalar er sosiale dyr

Oteren har også nytte av tangen
Havoteren er eit veldig sosialt dyr, og går ofte saman i kjønnsdelte flokkar på opp mot 200 individ. Om natta brukar dei å vikle seg inn i lange tangremser, slik at dei ikkje skal drive av med havstraumane. Tangremsene fungerar også som barnepassarar når mødrene er på jakt etter mat.

Havoterbestanden har i visse områder sørvest for Alaska minka med opp mot 70 prosent dei siste tiåra. Forskararane meiner både at det kan skuldast at spekkhoggarar har blitt tvinga til å endre kven dei jaktar på, frå større byttedyr til mindre, og menneskeskapte miljøgifter i havet. Andre stader klarer havoteren seg bra, og det er over 100000 kråkebolleelskande individ nord i Stillehavet.

Faktaboks

Havoteren
–  Er verdas minste havpattedyr, og avgir difor mykje varme til det kalde vatnet.
– Har ein rekordtjukk pels, som kompenserer for kroppsstorleiken.
– Er ein av få dyr som hyppig nyttar verkty: Han brukar steinar til å hamre laus på harde skjel og sniglar.