Den politiske debatten dreiar seg stort sett berre om korleis ein skal fordele det som er skapt.

 

Noreg var ein gong i tida eit av Europas fattigaste land. Dei fleste levde på bygda og dei viktigaste næringane var jordbruk og fiske. Men tidene endra seg: Industrialiseringa som byrja på 1800 talet førde til framveksten av arbeidarrørsla. Dei sosialdemokratiske tankane om at goder og verdiar skal delast likt i alle samfunnslag fekk gjennomslag.  Arbeid til alle og bygging av landet var dei viktigaste målsettingane. Arbeid til alle betyr at ein tek i bruk alle dei ressursane som ein har medan bygging av landet betyr at ein investerer i realkapital for å auka produksjonsevna og dermed verdiskapinga.

Noreg har med tida fått ein oljesmurt økonomi. Det gjev oss eit handlingsrom som dei fleste i verda misunnar oss. Verdas rikaste land, verdas beste land å bu i. Det er ikkje måte på overveldane titlar som beskriv landet vårt. Men for oss ligg det ein fare: Ein vert så opptatt av det privilegerte liv og tek det så til dei grader for gitt at me gløymer kva som skapar føresetnadane for det gode liv: At  verdiar også må skapast.

Verdiskaping er nærmast blitt eit skjellsord i ein del miljø som er meir opptatt av å forsyne seg av det andre har skapt enn å legge til rette for verdiskaping. Handlingsregelen er laga for å unngå kaos i økonomien og for å sikre mest mogleg trygg økonomi for dei som kjem etter oss. Men dette har ein i enkelte parti liten forståing for.

Då er det godt at nokon tek ansvar og bygger opp fellesgoder som alle vil ha stor nytte av i framtida. Tenk at nokon politiske parti med middelaldrane personar i spissen tek ansvar og står i stormen av skjellsord og hets, for å bygge noko ein sjølv ikkje får glede av.

Vekstpolitikk er litt som barneoppdraging – ein ser ikkje kor viktig det er før ein skal oppdra sine eigne. Tidlegare statsråd Terje Riis-Johansen oppnådde ikkje anna enn utskjelling for sitt engasjement for å skaffe Bergen sikker straumtilførsel gjennom ei linje over Hardangerfjorden. Ingen av motstandarane hadde tanke for den samfunnsøkonomiske gevinst dette ville gje. Eit anna døme: Næringsminister Trond Giske møtte til og med motstand når han ville fjerne revisorplikta for småaksjeselskap, slik at dei får reduserte kostnadar og kan bruke midlande på å være meir innovativ og skape fleire arbeidsplassar. Eg undrast om motstanden som ministrane møter skuldast manglande samfunnsengasjement, likegyldigheit eller uvitenheit om at verdiar også må skapast for at me skal ha noko å dela.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE