Her har dei studert i over 1000 år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdas eldste institusjonar for høgare utdanning er hovudsakeleg basert i Europa. Av dei universiteta som framleis står opne den dag i dag, er berre to av de eldste frå ein annan verdsdel.

Shariagrad i Afrika
Verdas eldste universitet utdanna lærde i Afrika allereie på den tida nordmenn drakk mjød og drog på vikingtokt. University of al-Karaouine er verdas eldste universitet, og vart grunnlagt som en madrasa i Marokko. Madrasaer var utelukkande islamistiske lærestader, der ein utdanna lærde innan sharialovane.  

Heilt sidan år 859 e.kr. har denne institusjonen, som starta ut som ein moské, husa lærde hovud frå alle verdshjørne. Den dag i dag, er den verdas eldste universitet i funksjon.

Al-Azhar University vart og grunnlagt som ein madrasa, og er no eit universitet i funksjon i Kairo. Sidan rundt år 970 har den vore i drift som ein islamistisk utdanningsinstitusjon. I seinare år har universitetet opna fakultet for både medisin og ingeniørkunst.

LES OGSÅ: Til ørkenen for å lære

Europa for 1000 år sidan
Verdas fyrste utdanningsinstitusjon med ordet Universitet implementert ved grunnlegginga, vart grunnlagt i 1088 i Bologna, Italia. Universitetet i Bologna er slik Europas eldste universitet.  

På midten av 1100-tallet vart Universitetet i Paris grunnlagt. I dag er det delt opp i 13 mindre universitetet, men spring framleis ut frå dette eldgamle universitetet. 
I 1167 forbaud den engelske kong Henry II alle britar å studere ved Universitetet i Paris, og det velkjende Oxford University fekk så sin universitetsstatus, som Storbritannias fyrste.

Ei avretting av to av Oxfords lærde i 1209, førte til ein krangel blant dei tilsette ved universitetet. Dette førte til at mange av Oxfords lærde drog til Cambridge og danna Cambridge University. I 2009 feira Cambridge University 800-års jubileet sitt.

LES OGSÅ: Her er det best å studere

Universiteta i Europa blømer
I 1218 godkjente den spanske kong Alfonso IX Universitetet I Salamanca, som er Spanias eldste og verdas fjerde eldste. I 1222 og 1224 byrja universtieta i Italia å bløme, og Universitetet i Padua og Universititet i Napoli Federico II fekk sin universitetsstatus.

Tidleg på 1000-talet var Europa sterkt prega av utviklinga i fransk, engelsk, spansk og italiensk akademia. Utanom dei eldgamle afrikanske universiteta, er det berre desse tre landa, som har universitet på topp 10-lista.

I 1229 vart Universitetet i Toulouse Frankrikes nest eldste universitet. 

LES OGSÅ: Desse får best karakterar

Noreg og resten av Europa
Noregs eldste universitet er Universitetet i Oslo(UiO), som vart oppretta 2. september 1811 – nesten eit tusenår etter universitetet i al-Karaouine. UiO heitte då Det Kongelige Frederiks Universitet, og fekk namnet vi kjenner i dag i 1939.  

I Norden var svenskane fyrst ute, då Universitetet i Uppsala fekk sin universitetsstatus av Pave Sixtus IV i 1477. Det var rettnok på det tidspunkt Kalmarunionen dekka store delar av Norden, men Uppsala er i dag eit av dei største universiteta i Sverige og landet får derfor tildelt det eldste universitetet i Norden.

Tyskland har lenge vore ein heimstad for store tenkjarar og akademikarar, men universiteta i dagens Tyskland, fantes ikkje før i det fjortande hundreåret. Ruprecht Karls Universitet i Heidelberg er det eldste universitet i Tyskland. 

Les saka i Universitas(på bokmål)

Faktaboks

Verdas 10 eldste universitet:

1. University of al-Karaouine, oppretta i 859

2. Al-Azhar University, oppretta i 970

3. Universitetet i Bologna, oppretta i 1088

4. Universitetet i Paris, oppretta ca. 1150

5. Oxford University, oppretta i 1167

6. Cambridge University, oppretta i 1209

7. Universitetet i Salamanca, oppretta i 1218

8. Universitetet i Padua, oppretta i 1222

9. Universitetet i Napoli Federico II, oppretta i 1224

10. Universitetet i Toulouse, oppretta i 1229