Kristin krympar krisa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Gratulerer med ny kåk, sa ordførar Fabian Stang (H) i talen sin under opninga av dei nye bustadane. Dei fem nye husa i Sogn studentby vil gje i alt 232 nye eittroms leilegheiter og ein toroms leilegheit. Bustadane høyrer til Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO). 

Òg kunnskapsminister Kristin Halvorsen var til stadesved opninga. Ministeren poengterte at Regjeringa allereie har bygd mange studentbustadar, men meiner at det kan vere rom for betringar. 

– I denne perioden har vi lova fleire bustadar og det held vi, men vi må òg setje oss nye ambisiøse mål, sa ho. 

Samarbeidsprosjekt
– Det er gledeleg at Halvorsen vil jobbe for å byggje 2000 studentbustadar årleg, seier nestleiar i Velferdstinget i Oslo og Akershus, Signy Grape. Ho meiner likevel at det berre er ein god start sidan studentane enno betalar 70 % av rekninga for studentbustadane. 

I talen sin understreka kunnskapsministeren kor viktig det er å samarbeide med Oslo kommune og at dette samarbeidet kunne bli endå betre. 

– Dette er eit utruleg godt døme på kva ein kan få til ved å samarbeide med stat, kommune og SiO, seier Grape. 

Nøgd ordførar
– Utan studentar ville Oslo vore ein meir keisam og mindre framtidsretta by. Studentane løftar byen og dei treng ein stad å bu, sa ordførar Stang. 

– Prisane kan bli valdsame og skal det vere noko hald i utrykket «lik rett til utdanning», må vi ha rimelege bustader til studentane. 

Ordføraren var nøgd med å kunne opne nye bustadar og han ynskjer at Oslo skal vere ein attraktiv studieby. 

– Eg håpar ingen gir opp på grunn av bustadmangel. 

Han fortalde vidare at det var endå hardare då han var student. 

– Eg studerte her i byen, men eg fekk ikkje studentbustad. Eg leigde privat og pendla frå ein hybel utanfor byen. Hadde eg fått ein bustad som desse hadde eg trudd eg var kome til himmelen. 

Les òg: Arbeidarpartiet vil ha fleire studentbustadar

Billeg bustad
Medisinstudenten Ingunn Sæter Flasnes flytta fredag inn i ein av dei nye bustadane. 

– Eg synest bustadene er kjempefine. Praktisk innreidd og lette å setje personleg preg på, seier ho. 

Ho fortel at ho sjølv ikkje har hatt så store problem med å skaffe seg bustad, men er godt nøgd med han ho har fått tildelt. 

– Det fine med studentbustad er at eg slepp å jobbe ved sida av, om eg et litt billeg. 

Eittromsbustadane er på mellom 15-19 kvadratmeter og har eige kjøkken og bad. Leiga vil vere på mellom 4100 og 4900 kroner i månaden. 

Les saka i Universitas her(bokmål)

 

Omsett til nynorsk av Arnt Olav Foseide