Byter språk med rørsler

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 I ni dagar skal ungdomane læra seg å laga eigne prosjekt som dei forhåpentlegvis får realisert i heimlanda sine.

Støtte frå EU
Frå 1. til 9. september skal dei 25 ungdomsarbeidarane frå Spania, Italia, Noreg, Polen og Tyrkia læra seg korleis dei utviklar gode prosjekt og korleis søknadsprosessen fungerer. Det er Balestrand Ungdomslag som arrangerer kurset «Frå teori til praksis», og Gard Eitungjerde Høvik og Tuba Ardic som er leiarar.

– Aktiv Ungdom er eit prosjekt som EU deler ut økonomiske midlar til. Alle mellom 13 og 30 år kan laga eit prosjekt å senda inn søknad til Barne-, Ungdoms og Familie­direkto­ratet, som handterer desse søknadene, for å få støtte til sitt prosjekt, seier Høyvik.

Nettverk og venskap
Monika Pawlaq frå Polen og Susana Sanz frå Spania ynskjer begge å starta opp prosjekt i heimlanda sine og har fått mykje inspirasjon og hjelp frå leiarane.

– Gard og Tuba er utruleg venelege og flinke leiarar, seier Pawlaq.

– Me lærer om omverda, om forskjellige kulturar og korleis me skal laga gode prosjekt. Denne veka har me delt alt med kvarandre, erfaringar og verdiar. Dette har ført til mange nye vener og eit utvida nettverk, seier Sanz.

Tyrkisk teater
Då prosjektet starta opp på laurdag framførte dei tyrkiske ungdomsarbeidarane teaterstykket «Inntrengaren» av Maurice Maeterlinck.

– Det var fullt i salen under framsyninga, noko me var veldig nøgde med. Stykket er ganske så deprimerande og skal få folk til å tenkja. Det handlar om ei kvinne som dør i barsel og ein blind bestefar. Spørsmålet stykket prøver å svara på og som dei stiller publikum går ut på kva som påverkar oss i livet, seier Høyvik. I vinter skal den tyrkiske gruppa skriva om eit norsk teaterstykke og framføra det på tyrkisk i Istanbul. Høyvik, som snakkar flytande tyrkisk skal også vera med på framføringa.

Læra ved å gjera
Kurset som blir halden i Balestrand er det tredje prosjektet som Høyvik og Ardic har fått støtte frå EU til å realisera. I 2007 arrangerte dei kurset «Inspirasjon og i 2010 fekk prosjektet «Dei kreative si overleving» òg støtte.

– Me ynskjer å gje ungdomane dei verktøya dei treng for å skriva ein Aktiv Ungdom søknad. Blant anna så har me gruppeaktivitetar der me gjennomfører brainstorming og improvisasjonsøvingar. På slutten av opphaldet skal kvar gruppe skriva ein søknad som me leiarane skal gje tilbakemeldingar på. Me brukar ikkje formelle læringsmetodar, slik som klasseromsmodellen, men prøver å læra ved å gjera, seier Høyvik.

Les saka i Sogn Avis!