Kjartan Fløgstad er ute med ny kapitalismekritisk bok, Nordaustpassasjen. Han tilhøyrer kultureliten, men tviheld på bakkekontakten.

På Litteraturhuset i Oslo møttest Kjartan Fløgstad og forfattar og journalist Åsa Linderborg. Fløgstad i den siste tida fått mykje merksemd for den nye boka si, Nordaustpassasjen, der han i kjent litterær stil kritiserar kapitalismen og massemedia.

 Ein del av kultureliten
Fløgstad har alltid arbeidd medvite for å bryte ned skiljet mellom høgt og lågt i litteraturen og samfunnet ellers, men i samtalen med Linderborg reflekterte han rundt det at han på sett og vis likevel har tilhøyrt landets kulturelite i fire tiår allereie.

– Vi får meir og meir eit skilje her i landet mellom tradisjonell litteratur og det ein kan kalle "flyplasslitteratur", eller det dei i USA kallar Fiction. Ein ser tendensen sterkare i Sverige, meiner Fløgstad, og legg til at han i framtida i størst grad kjem til å bli lesen av den første lesargruppa.

 Eg er i høg grad ein del av kultureliten, vedgår Fløgstad.

LES OGSÅ: – Dette bør dei eldre bry seg om

Bakkekontakt
Det kjem fram av samtalen at Fløgstad har måtar å takle det potensielle motsetnadsforholdet som ligg i det å vere ein prisløna forfattar av komplisert fiksjon, og det å gjennom førti år skrive med ein gjennomført kapitalismekritikk.

 Eg har takla dette ved å heile tida ha nær kontakt med fagforeiningsfolk frå Sauda, der eg kjem frå, forklarar han.

Tovegs påverknad
Fløgstad meiner skrivinga hans har ein form for makt til å påverke samfunnet og menneske, om ikkje akkurat på ein direkte og målbar måte, men meir av ein usynleg karakter:

 Romanane mine har gitt stoltheit og identitet til slike folk som meg, legg han til, og siktar til si eiga tid som smelteverksarbeidar på Union Carbide i Sauda.

 Forteljekulturen på smelteverket fascinerte meg. Det var globalisert, og for meg var det ein magisk realisme i det heile. Romanfigurane i Nordaustpassasjen er med i boka nettopp fordi det er deira måte å snakke på som som har lært meg å skrive, seier han.

LES OGSÅ: – Sosialistar veit lite om fornuft

Naudsynt kapitalismekritikk
I boka Nordaustpassasjen heng Fløgstad opp eit tidvis satirisk, men kjølig analytisk bakteppe, der det samfunnet har gått fullstendig opp i liminga, og det einaste som held det saman, er kapitalismen.

 Det har blitt eit skeivheit i det europeiske klassesamfunnet, samfunnet har blitt dysfunksjonelt. Difor treng vi ei sterk arbeidarklasse, seier han.

På spørsmål om korvidt det er sannsynleg at kapitalismen kjem til å slå sønder heile samfunnet, svarar han:

 Det er ikkje utenkjeleg. Det kan skje.

LES OGSÅ: Jumping, ikkje dumping

Kva meiner du om tankane til Fløgstad? Treng me ei sterk arbeidarklasse? Korleis trur du kapitalismen vil utvikla seg?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE