Senterpartiet vil ha fri ulvejakt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha fri ulvejakt

 

Det er i samband med arbeidet med nytt program før stortingsvalet neste år at nestleiar Trygve Slagsvold Vedum, som også er leiar av programkomiteen, kastar inn ein brannfakkel i rovdyrdebatten, skriv Nationen.

– Det finst ikkje ein særeigen norsk-svensk ulvestamme. Ulvane i Noreg høyrer til den finsk-russiske ulvestammen, og ein samrøystes programkomité meiner derfor at Noreg ikkje er forplikta til å ta vare på denne stammen, seier Vedum.

Han sidestiller norske ulvar med mårhund og villsvin.

– Ingen arbeider for å opprette eigne stammar av mårhund og villsvin i Noreg, tvert imot er dei uønskte i den norske naturen. Det bør også den finsk-russiske ulvestammen vere, meiner Vedum.

Tal frå Rovdata anslår talet på ulvar i Noreg til i underkant av 30. Ifølgje ein internasjonal forskarrapport må det vere rundt 500 ulvar for at stammen skal vere levedyktig, noko Vedum seier ikkje er ønskeleg.

Han meiner pengane som vert brukte på dei 30 ulvane som er i Noreg i dag, kan brukast på ein meir fornuftig måte i miljø- og naturforvaltninga.

Forslaget frå Senterpartiets programkomité bryt med rovdyrforliket til den raudgrøne regjeringa og spesielt med regjeringspartnar SVs politikk. (©NPK)

Kva meiner du om forslaget?