Noregs beste bygdebloggar?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avisa Nationen har nominert fem bloggarar i konkurransen om å bli Noregs beste bygdeblogg. Bloggen Frå hage til mage av Anders Totland (25) på Valen i Kvinnherad er ein av dei.

– Det er stor stas å bli nominert i ei kåring som dette. Tematikken på bloggen har jo ingen geografisk avgrensing, så at ei riksdekkjande avis som Nationen løftar bloggen fram på denne måten synes eg er veldig kjekt, seier Totland.

Du skriv mest om mat frå hagen på bloggen din, kva er det som gjer bloggen din til ein bygdeblogg?

– Det veit eg ikkje heilt, og eg har vel eigentleg aldri tenkt noko over at det er det eg skriv. Men eg bur jo definitivt på bygda, og sjølv om trendfolket i byane har kasta seg over grønsaksdyrking som aldri før, er det jo ingen tvil om at dette ikkje akkurat er noko urban aktivitet.

LES OGSÅ: Her er bloggråda frå Årets nynorskbrukar

Anders Totland er utdanna kokk, men jobbar til dagleg som journalist i lokalavisa Sunnhordland.

Korleis er det for ein tidlegpensjonert kokk å ha sin eigen kjøkenhage?

– Fantastisk flott. Rett og slett. Det gjev både inspirasjon til å bruka råvarene på nye måtar, samtidig som det gjev ein ubetaleleg råvaretilgang. Og så er det eit viktig poeng for meg som småbarnsfar å kunne læra etterkomarane mine om kor maten kjem frå, og at som er naturleg ikkje er dei EU-tilpassa grønsakene i butikkhyllene.

Kor mange lesarar har du på ein dag, eller ei veke?

– Eg har ikkje tal på lesarar, men det blir ført statistikk på sidevisingar. Då har eg mellom 200 og 400 på vanlege dagar, og opp mot 1000 på gode dagar. Ved spesielle høve, som når eg blir omtalt i media, kan det fort bikka 1500 visingar per dag. 

To av dei andre bygdebloggarane skriv òg på nynorsk. Bloggen Jostedalsrypa av Eli Bjørhusdal er kjent for mange. Bloggen Lysglimt av Brita i Tysvær er òg nominert.

LES OGSÅ: – Livet på bygda er ingen einskap

Dei andre nominerte er Kuprat og På garden Oppheim.

Stem på dei nominerte her!

Har du tips til andre gode bloggar som andre bør få vita om? Del tipsa dine i kommentarfeltet under!