Jo lengre helsefagelevane er i utdanning, jo mindre lyst får dei på yrket, viser ei ny undersøking. Mykje deltidsarbeid i sektoren kan skremme vekk dei unge, trur forskar.

NPK-NTB
NPK-NTB

Samtidig som det er stor mangel på arbeidskraft i helsevesenet er det berre mellom 300 og 400 av tusenvis av elevar i helsefaga som vel å begynne å arbeide som helsefagarbeidarar (tidlegare kalla hjelpepleiarar) når utdanninga er fullført, skriv Klassekampen.

Det viser ein ny rapport frå forskingsinstituttet Nifu.

LES OGSÅ: Utan læreplass på sjukehus

– Elevane veit at dersom dei blir helsefagarbeidarar, blir dei låst til delar av sektoren, først og fremst eldreomsorga, og at det blir mykje deltidsarbeid, seier Håkon Høst, ein av forskarane bak rapporten. Han meiner at fagbrevet som helsefagarbeidar har for låg status i helsesektoren.

Helse- og oppvekstfag er det mest populære yrkesfaget på vidaregåande skule med rundt 8.000 nye elevar denne hausten. Men berre ein tredel av dei som begynte på yrkesfaget hausten 2007, gjekk ut i lære.

LES OGSÅ: Blir ikkje ferdig med helse- og sosial

Tendensen blir stadfesta av undersøkinga til Nifu, der berre ein firedel av dei som går i lære svarar at dei faktisk vil bli helsefagarbeidarar. Dei fleste ønskjer å gå vidare for å utdanne seg til sjukepleiarar. Held trenden fram, kjem berre 10 prosent av rekrutteringsbehovet til å bli dekt i åra som kjem.

Ifølgje prognosane til Statistisk sentralbyrå kjem Noreg i 2035 til å mangle mellom 45.000 og 57.000 helsefagarbeidarar. (©NPK)

Kva bør gjerast for å få ned deltidsarbeidet i helsesektoren?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

ANNONSE