Ikkje pop å vera partimedlem lenger

Noreg er på botnen i Europa når det gjeld medlemskap i politiske parti. Sidan 1980 har partia her i landet mist nesten 30 prosent av medlemmer.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Folk bryr seg om sak, ikkje parti, seier Knut Heidar, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, til Forskning.no.

I ein ny studie som er publisert i tidsskriftet European Journal of Political Research har forskarar frå Nederland, Tyskland og Italia sett på medlemstal i politiske parti i 27 europeiske land.

Undersøkinga viser at berre 5,04 prosent av dei norske veljarane i dag er medlem av eit politisk parti. Berre i fire land – Slovakia, Tsjekkia, Slovenia og Storbritannia – står det verre til enn her i landet. I Storbritannia har campingvognforbundet fleire medlemmer enn alle dei politiske partia til saman.

Les òg: Rekordauke for ungdomspartia

29 prosent av medlemmene i dei politiske partia her til lands har forlate organisasjonen sidan 1980. Norske studiar viser at Høgre har mist heile 80 prosent av medlemmene sine sidan 1990, medan Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti har halvparten så mange medlemmer i dag som for 20 år sidan.

Les òg: Auka engasjement etter 22.juli

Professor Knut Heidar meiner faktorar som meir individualisme, færre medlemmer i organisasjonar, ei meir uavhengig presse og tidsklemma kan forklara medlemsflukta.

– Om det står mellom å vera oppmann på fotballaget til jentungen eller å engasjera seg i lokallaget, då er svaret ofte fastlagt for dei fleste, seier forskaren. (©NPK)

Les òg: Partikontor betre enn Facebook