I januar kan publikum sjå Ari Behn sine bibeltolkingar på scena til Det Norske Teatret.

NPK
NPK

Saman med fem andre dramatikarar skal Ari Behn skrive tekstar til eit seks timar langt bibelstykke som skal gå på Det Norske Teatret, skriv Dagbladet.

Maratonførestellinga blir storsatsinga når nynorskteatret feirar hundreårsjubileum i 2013. Bibelstykket er regissert av Stein Winge, som i tillegg til Ari Behn også har fått med seg dramatikarane Maria Tryti Vennerød, Terje Nordby, Eirik Fauske og svenske Sara Stridsberg på laget.

Ari Behn debuterte i fjor sommar som dramatikar med stykket «Treningstimen» på Rogaland Teater og har gitt ut fleire romanar og novellesamlingar.

Prøvene på bibeloppsetjinga til Det Norske Teatret tek til 17. september, og det er allereie kjent at Bjørn Sundquist skal spele rolla som Gud. (©NPK)

Les òg: Folk blir rausare av kultur

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

ANNONSE