Mette Karlsvik: At perler er ekte, ser ein på skinet. Når lyset kjem som innanfrå, er dei ekte perler. 

– Me bed om orsaking. Vi kjem seint til scena, seier Leonard Cohen (78). Klokka er 19.58. Onsdag i Halden. Kveldssola er ein gullmynt på muren til Fredriksten Festning. Granitt blir farga av gamle hits.

– I was born with the gift of a golden voice, syng Cohen frå scena.

Tower of song er opninga i eit kjede av perler. At perler er ekte, ser ein på skinet. Når lyset kjem som innanfrå, er dei ekte perler. Det same kan ein seie om god lyrikk. I gode dikt er det poetiske i språket. Der er det poetiske ei haldning og ein metode. Det religiøse følgjer liknande koordinatar: Det må liggje i teksten som stemning, som språk. Utanpåklistra bibelske motiv gjer ikkje tekst til sakrale rom.

Det religiøse er eit gjentakande ord om Leonard Cohens kunstnarskap. At han brukar bibelske motiv ligg oppe i dagen. Men det er ikkje det som i tilfelle også gjer han til ein poet. I god poesi vil anden lyse opp diktet, teksten, innanfrå. Og poet, det blir Cohen også kalla. Ofte i panegyriske ordelag. Men er han overvurdert som musikar eller poet? Eller kanskje undervurdert? Valur Gunnarsson (36) har vore redaktør for populærkulturavisa The Reykjavik Grapevine, og er no forfattar, frilansjournalist – og student: Masteroppgåva hans er støtta av kulturdepartementet på Island, og handlar om nettopp Cohen som poet.

Valur er fødd og vaksen opp på Reykjavik. Mor hans er norsk. Difor snakkar han godt norsk, og bur fleire veker i Asker kvart år. Ein av turane la han no til august. Nesten bare for å sjå Cohen. Igjen. Eg snakkar med han mens Cohen får att pusten, mens publikum held pusten, og ventar på meir:

Mette Karlsvik (MK): Kven har forfattaren Leonard Cohen vore?

Valur Gunnarsson (VG): Eg synest Håvard Rem skildra det ganske godt i ein introduksjon til Leonard sine maleri på Fredriksten. Det er eit ungt menneskes ansikt som er eit mesterverk. Den første plata til Cohen er perfekt. Dei neste har sprekkar. Men dei er vakre, dei òg. Og det same kan ein seie om poesien også, frå «Mythologies» til «Book of Longing.»

MK: Kor ligg dei poetiske kvalitetane hans?

VG: I det som eg seier, i sprekkene.

MK: Cohen syng sjølv om desse sprekkene, kor mørkret kan vere, men også der lyset kan komme ned.

MK: "Det religiøse" er eit gjentakande ord om Cohen. Kva betyr "religiøs" når ein snakkar om Cohen?

VG (resiterer frå ei låt):

“She stands before you naked you can see it, you can taste it, and she comes to you light as the breeze. Now you can drink it or you can nurse it, it don't matter how you worship as long as you're down on your knees.”

MK: Er det ei motsetning mellom det heilage og det poetiske?

VG: Begge vil at du skal attrå dei. Begge vil at du skal akseptere sanninga i det som blir sagt eller skrive. Men det er plass til meir tvil i poesien. Det er kanskje derfor ho er meir nøyaktig når ho prøver å skildre livet.

MK: Om ein no lagar ei motsetning mellom dei, og gjer ei akse ut av det: Kor er Cohen på den aksa?

VG: Han er enten ein poet som når det heilage av og til, eller ein heilag mann som har noko poetisk ved seg. Cohen betyr prest på hebraisk. Familien hans reknar seg som etterkommarar av Aron, som sa det Moses ikkje kunne få ut. Barna til Leonard heiter Adam, etter det første mennesket i den heilage skript og Lorca, etter hans poetiske forbilde Federico Garcia. Kanskje det heilage og poetiske samlar seg i Cohen ei stakka stund, før det splitter seg igjen?

MK: Lyrikaren og essayisten Steinar Opstad kallar "det heilage språket absurd systematisk, og poesiens systematisk absurd". Kva tenkjer du om dette, i forhold til Cohen?

VG: På plata «Dear Heather» siterer han ein gamal lærar, Frank Scott, som har skrive eit slags manifest som fungerer for Cohen òg:

From bitter searching of the heart,Quickened with passion and with pain. We rise to play a greater part. This is the faith from which we start.

MK: Eit moteord i norske kulturaviser – om forfattarar som går inn i det sakrale rommet, har vore, når dei er i dårleg lune –estetisk konservatisme. Kan ein bruke det om Cohen?

VG: Eg trur Cohen forstår at ingenting eigentleg er nytt, verken i kunst eller anna. Han vil heller gjere tinga så bra som muleg heller enn å prøve å vere så original som muleg. Det verkar som ein original tanke i disse dagar.

MK: Er det heilage språket absurd systematisk, og poesiens systematisk absurd?

VG: Alle religionar vitnar jo om at det absurde har større påverknad på folk når den blir systematisert. Kanskje er det den beste måten å handtere det absurde ved livet, og grunnen til at Cohen er så glad i livsreglene til Zen og Toraen. Ein annan måte er å prøve å skildre den i poesi, utan annan systematikk enn rim. Og han er flink til det òg.

MK: Steinar Opstad skriv òg om viktigheita av å fusjonere bilda. Korleis er dette hos Cohen: Jobbar bilda i lag for å bygge meining? Eller blir dei ståande som einskilde bilde

VG: Vi kan sjå på ein setning frå hans første plate: “It's hard to hold the hand of anyone who is reaching for the sky just to surrender”: Her har vi tre bilde som kjem ein etter einannan så ein nesten kan sjå det i slow-motion: Dei som held hender, dei som strekk seg mot himmelen, og dei som gir opp. Og dette er kanskje dei tre tema han har halde på med sidan. Så ja, det er ein slags fusjon frå byrjing til slutt.

MK: Når synest du Cohen er best som forfattar: når han fortel historier, og skriv meir episke dikt, eller når han brukar andre verkemiddel?

VG: Her hadde det kanskje vært «riktig» å seie at han er på sitt beste når han er mest intim, men eg liker det storslåtte. Eg liker det når han har «seen the nations rise and fall,» når han "ser" brenninga av Jeanne d’Arc eller drar med Isak opp på fjellet. Men eg trur at for han er det ingen stor forskjell mellom dei som ligg på kne framfor ein elskar eller ein gud, eller «the killers in high places» mot «the homicidal bitching that goes down in every kitchen.» Mennesket er alltid det same og ingen er uskyldig. Minst av alt han sjølv.

MK: Kva er stemma til Cohen?

VG: Stemma hans treff oss når vi har det godt, men også når vi har det vondt. Når vi har det som best, minner han oss om kor forgjengeleg alt er. Det gjer han når vi er på vårt verste også. Dette er det optimistiske og det tragiske ved Cohens bodskap. Og kanskje òg grunnen til at folk kjem oftare til han når dei treng trøyst – enn når dei treng oppmuntring.

 

Og så, på scena, sett Cohen sett seg på kne framfor gitaristen sin. Han lukkar augo, faldar hendene. Mikrofonen mellom hendene. Gitaristen ser på Cohen, smiler. Cohen opnar augo, ser smilet, kniser guteaktig. Dei orsakar at dei kjem seint på. Dei er ein gjeng som støttar kvarandre, utan vidare hierarki seg i mellom; det er ikkje gitt at Cohen er den største poeten på scena. Sjølv om han skriv dikt. Diktet har nokre utvendige eigenskapar som gjer det til å kjenne igjen. Men poesien, han kan ein ikkje fange så lett. Forførerisk, er eit av kriteria som forfattarar som Steinar Opstad legg til grunn for det poetiske.

Kva det er med Cohen som forførar, det er ugreitt å seie for den som forførd blir. Eg innrømmar at eg er ein av dei. Kanskje er eg lettlurd, kanskje bare intuitiv. Men når verdsstjerna så glatt dekkjer over andre sine feil, då blir eg glad i han:

Cohen kom ikkje for seint til Halden. Vi kom for seint til Halden. Å legge ein så stor konsert til Østfold-byen var i beste fall ein søt draum, eit visjonært men noko naivt idealarrangement: Fleire tusen publikummarar skulle komme seg ut frå Oslo i rushtida, og inn til den vesle byen.

– Halden er kanskje for liten, innrømmer eigar og leiar av bookingsselskapet Atomic Soul, som elles ikkje var synleg stressa av trafikkorkane inn til byen, bussar i kø for å parkere på Fredriksten, folk i kø for å komme inn til området:

– Det går greitt. Vi er kanskje eit kvarters tid forseinka. Men det må ein rekne med på konsert, seier Osmundsvaag. Og det kan han seie, og det kan også Cohen seie; dei sett seg i ein taxi eller i eigen bil til hotellet eller hytta (Osmundsvaags er i Drøbak, bare ein liten køyretur frå Halden).

Seint, seint, stiller trøytte publikummarar seg i kø for å bli med bussane attende til Oslo. Rushtida er over når dei kjem fram til storbyen. Det er jo midnatt, etter eit halvt døgn med busskø, ølkø, køyring i 24 mil, miljøspor lagt att i form av eksos på E-18 og tråkking, pissing og rasting på Fredriksten Festning. Spør du meg, er ikkje Cohen overvurdert.

Festival – og stadionkonsert-bransjen, derimot, han skjønar eg mindre og mindre av. Kvar gong eg har vore gjennom maskineriet er eg blakk, trøytt, trist. Likevel kjem eg att. "Alle andre" meiner jo at det er slik stas. Eller er det først og fremst bookingselskapa og arrangørane som er flinke til å lage slike haldingar hos det rette, kjøpesterke publikum?

Valur Gunnarsson har ingen kommentar om dette. Han kom for det kunstnariske innhaldet. Og det var også kva han fekk.

Han kom dessutan lett til Halden; køyrande i eigen privatbil. Og, på parkeringsplassen, før han køyrer heim i eigen bil: korleis vil Valur oppsummere det kunstnariske innhaldet i kvelden?

VG: Sublimt!

MK: Hadde du nokre epifaniske augneblinkar?


VG: Andre vers i «Night Comes On,» der det handlar om krigføring i Egypt og alt smeller saman, Cohens jødiske bakgrunn, hans fars karriere i den kanadiske hæren og hans eigen innsats i Yom Kippur-krigen i 1973 då han meldte seg som frivillig. Det er forresten ein låt som han ikkje har spelt sidan i 1985, då den var heilt ny!

MK: Kva andre låtar var best for deg, i kveld?

VG: Eg er jo ganske godt kjent med materialet. Om det finst fleire gåter å løyse her er eg ikkje alltid i stand til å sjå dei. Det er derfor eg liker dei nyaste låtane best, som  «Darkness» og «Amen». Dette er ferske mysterium å prøve å få tak på. Men så er det òg noko ved «Famous Blue Raincoat» som eg aldri heilt greier å få has på, og som slår meg kvar gong.

Sjå Youtube-videoar frå konserten her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

Kommentarar

ANNONSE