Aschehoug-prisen til Ragnar Hovland

Pengane skal gå til restskatt og husleige, ifølgje forfattaren.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Noregs viktigaste pris

Samlagsforfattaren blei heidra torsdag kveld på den store hagefesten til Aschehoug.

– Dette betyr veldig mykje, for dette er den mest prestisjetunge, nasjonale litteraturprisen i Noreg, seier Hovland til NRK.

Aschehougprisen blir tildelt norske forfattarar som ein ærespris utan omsyn til kva for eit forlag dei er knytt til. Utdelinga skjer etter bindande innstilling frå styret til Norsk kritikarlags litteraturseksjon og skal vera offentleg.

– Årets vinnar av Aschehougprisen eignar seg til høgtlesing i varme seinsommarkveldar og på dei påfølgjande fuktige nachspiel, ja, poesien hans inspirerer òg til song, heiter det i grunngjevinga til Knut Hoem.

LES OGSÅ: Du kan aldri sleppe unna familien

Restskatt og husleige
Til statskanalen fortel Ragnar Hovland at pengane skal gå til restskatt, husleige og slike ting.

– Men eg håpar eg kan få brukt dei på nokre gode middagar og kjøpa nokre bøker.

LES OGSÅ: Jakta på Vestlandshumoren

Litterære landskap
Prestesonen Ragnar Hovland, voks opp i Strandvik i Midthordland og i Luster i Sogn.

Litteraturprofessoren Øystein Rottem skreiv i sin norske litteraturhistorie at landskapet i bøkene til Hovland ikkje er vestlandsk, men litterært.

– Han rører seg ikkje i det faktiske landskapet, men i dei konvensjonelle førestellingane om dette, slik dei sirkulerer som anekdotar og munnlege forteljingar. Han føyer til fantastiske og usannsynlige element, og legg biletet av andre landskap over biletet av det vestlandske, skreiv Rottem.

– Med eit inderleg ynskje om at denne prisen kan bidra til ein ny og endå djupare forståing av denne fantastiske forfattarskapen, er det ei stor glede å kunne fortelje at årets Aschehougpris går til Ragnar Hovland, heiter det i grunngjevinga til juryen.

LES OGSÅ: Popmusikk er som slåttestev