Du kan aldri sleppe unna familien

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ragnar Hovland har plassert den nye romanen sin i eit fabellandskap. Ein Kafka-liknande prosess blir rulla opp, og bodskapen er klar: Du kan aldri sleppe unna familien.

Det finslipte og særeigne språket til Ragnar Hovland har på nytt fått lov til å boltre seg mellom stive permar. I «Stille natt» har han trylla fram ei eiga stemning, lik eit Edward Hopper-måleri. Det er mørkt, stilfullt – og ikkje så reint lite mystisk.

I hovudrolla møter vi ein forfattar som blir trekt tilbake til heimbygda. Eit mysterium, som omhandlar eit par forsvunne brør, blir presentert. Ein tredje bror studerte i si tid filosofi, men noko gjekk gale.

– Eg hadde lyst til å skrive ein roman om kompliserte familierelasjonar. For første gong ville eg også la ein forfattar få spele hovudrolla, seier Hovland til NTB.

Heimsøkt
Utover i boka bevegar vi oss over i eit draumelandskap, særleg når forfattaren, tilbake i byen, blir heimsøkt av eigne karakterar.

Sjølv omtalar Hovland romankarakteren sin slik:

– Han er ein middelaldrande forfattar som har problem med å skrive den store sjøromanen, som forlaget hans sit og ventar på. Kjærleikslivet er komplisert, for ikkje å snakke om familierelasjonane. Så begynnar dei litterære personane hans å gjere eit slags folkeleg opprør mot han.

Hovland vil ikkje omtale «Stille natt» som ein gjennomført mørk roman. Den umiskjennelege hovlandske humoren dukkar opp titt og ofte, spesielt i møte mellom familiemedlemmene.

– Men boka har endå ein noko mørkare botn enn mykje anna eg har skreve, medgjev Hovland. Som er glad for dei gode omtalane han har fått. NRK-bokmeldaren skriv at Hovland «styrer på rein intuisjon mot sentrale smertepunktene i livet, samtidig som humoren er der, like rå og storkjeftet som før».

Fædrelandsvennen-kritikaren trillar fram ein seksar på terningen og konkluderer med at Hovland kanskje har levert den aller beste boka si til no.

Språklege innfall
– Eg blir glad når meldarane tek tak i dette med familieforholda. Det var dette eg ville formidle noko om med «Stille natt"; dette at du ikkje slepp unna familien din, fortel forfattaren. Som skriv utan disposisjon.

– Å finne ut kvar denne mannen skulle, var faktisk ei stor utfordring.

Men Hovland tok i bruk ei klassisk opning.

– Mannen vaknar rett og slett opp. Det er det første som skjer. Så vart det å ta det derifrå, ler Hovland og fortel at noko av nøkkelen vart å nøste opp i historiene til brørne.

– Det er eit mysterium som ein skal løyse. Boka kan nok også lesast som ein slags thriller.

LES OGSÅ: Jakta på Vestlandshumoren

Også omslagsbildet, som var klart relativt tidleg, hjelpte Hovland til å kome på sporet av forteljinga i «Stille natt».

– Det er ein film noir-aktig stemning i biletet. Eg er ein forfattar som ofte lèt meg inspirere av kunst og film. Federico Fellinis film, «8 1/2», har også ein slags rolle i boka.

– Dersom du sjølv skal få reklamere for boka, Hovland, kvifor skal vi lese «Stille natt»?

– Oi, eg likar ikkje å reklamere for mine eigne bøker. Men eg håpar folk kan glede seg over ein del av dei språklege innfalla mine. Eg har alltid ambisjonar om å styre unna A4-språket, og meiner det er viktig å gjere seg litt språkleg flid dersom ein no først skal skrive ei bok. (©NPK)