Her er landets første mobbeombod

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landets første

Buskerud er det første fylket i landet som får eit eige mobbeombod.

– Eg gler meg veldig, men er audmjuk for oppgåva. Eg veit det gjerast mykje godt arbeid i skulane i Buskerud allereie, og eg ser fram til å starte, seier Bodil J. Houg, nytilsett mobbeombod i Buskerud fylkeskommune.

– Me gler oss og er spente på korleis mobbeombodet vil fungere i praksis, seier dei tre elevane Øyvind Normann, Mari Arnesen og Truls Sætrang til fylkeskommunen sine eigne nettsider.

– Altfor mange elevar får skulegangen sin øydelagt på grunn av mobbing, difor er vi glade for at fylkeskommunen tek ansvar og tør å gå der ingen før har gått, seier dei tre elevane.

LES OGSÅ: Vil stengje mobbeskular

Førebyggjande arbeid
Det nye ombodet er tilsett i ein prosjektperiode på to år. Ho startar i jobben 1. januar 2013 og fòr kontor i fylkeshuset i Drammen.

Ombodet skal både arbeide førebyggjande, bidra med kompetanse på området, følgje opp arbeida til skulane med handlingsplanar mot mobbing og bidra i saker som ikkje lèt seg løyse lokalt.

LES OGSÅ: Felles kamp mot mobbing

Forslag frå KrF
Mobbeombodet skal det vera eit lågterskeltilbod der det skal vera enkelt å ta kontakt.

Kristian Hammervik (KrF), som er medlem i hovudutvalet for kultur, idrett og folkehelse i fylkeskommunen, kom med forslaget om å opprette eit mobbeombod.

– Kampen mot mobbing er folkehelse av beste sort. Eg er overtydd om at me treng ein ressurs som eit mobbeombod i kvart fylke, og eg er veldig stolt over at me har fått til dette i Buskerud, seier Hammervik.

LES OGSÅ: Like mange blir mobba