Små skular har mest mobbing

Ein må gå på "rett" skule for å unngå mobbing.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er det mest mobbing

Dagbladet har fått laga ei oversikt over skulane som hadde flest tilfelle av mobbing det siste året. Nærare 2000 skular på 7. og 10. trinn samt første trinn på vidaregåande skule er vurdert.  

Store skilnader 
–  Tala syner at born og unge i dag er veldig avhengig av å gå på «rett» skule» for å sleppe å oppleve ulike former for mobbing, seier skuleforskar Thomas Nordahl ved Høgskulen i Hedmark til Dagbladet.
Om mobbing finn stad har stor samanheng med korleis skulane blir styrt, meiner han. 

Små skular verst
For å unngå at einskildindivid blir identifisert er det kun skular med færre enn 30 elevar per klassetrinn som er med i undersøkinga. Mange av dei minste skulane i Noreg er difor ikkje med i statistikken. Ein god del av skulane som har mest mobbing er skular med få elevar. 

– Vi ser at det er store variasjonar mellom skulane. Noko av det blir at skulda mobbetilfelle ved små skular får store utslag på statistikken. Men vi ser òg stor variasjon mellom store skular, seier avdelingsdirektør Anne-Berit Kavli i Utdanningsdirektoratet.

Kva meiner du skal til for at det skal bli mindre mobbing?