– Heng dei ut

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Uakseptabel framferd overfor elevar må få konsekvensar. Lærarar og rektorar som turar fram utan å ta omsyn til nynorskelevane, får sleppe unna dersom ingen stiller dei til veggs, hengjer dei ut eller sladrar til sjefane deira. Det er det på høg tid å gjere, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

Målungdommen har i samband med skulestarten i år lansert ein universalklageportal, der alle enkelt kan sende formell klage når dei vert utsette for språkleg diskriminering i skulen. Landsstyret i organisasjonen vedtok også ei fråsegn om saka under landsstyremøtet no i helga.

– Mange veit ikkje korleis dei kan klage, og som fersk tenåring på ny skule er det forståeleg nok ikkje så lett å konfrontere skuleleiinga. Difor har vi laga ein klageportal på nettet, slik at alle som vil klage, men ikkje veit korleis, kan klage via oss. Då tek vi saka vidare overfor leiinga ved skulen, med kopi til både skuleeigar og Språkrådet, forklarer Sture. Han meiner elevane i større grad vil få innfridd rettane sine dersom dei står på krava.

Les òg: Tid for å vere tøff i trynet

– Det er dumt at det skal vere slik. Retten til lærebøker på nynorsk skal gjelde også for dei som ikkje er så høglydte og opponerande. Men når ikkje dei vaksne klarer å ordne opp sjølv, så må vi hjelpe dei. Steg ein får vere å gjere det så pinleg for dei å bryte lova at dei sluttar med det, seier Sture, som trur dei omfattande lovbrota handlar om manglande vilje.

– Å oppfylle språklege rettar handlar heilt enkelt om å bruke hovudet litt. Når ein skule med både nynorsk- og bokmålselevar berre kjøper inn bokmålsbøker, er det ikkje fordi leiarane ved skulen er for dumme til å handle inn tilstrekkeleg mange nynorskeksemplar. Det er fordi dei ikkje bryr seg, og det må vi få dei til å gjere, avsluttar Sture.

Les òg: Får ikkje bøker på nynorsk